Massimo D’Alema

italiensk diplomat og politikar
(Omdirigert frå Massimo D'Alema)

Massimo D’Alema (fødd 20. april 1949 i Roma) er ein italiensk journalist og politikar. Han var statsminister i Italia frå 1998 til 2000. Han er medlem i det italienske venstrepartiet Democratici di Sinistra.

Massimo D’Alema

Fødd20. april 1949 (75 år)
Roma
Statsborgar avItalia
PartiDet italienske kommunistpartiet, Partito Democratico
Yrkepolitikar, diplomat, journalist
Utdanna vedUniversitetet i Pisa
FarGiuseppe D'Alema
VervStatsminister i Italia 1998-2000
FøregangarRomano Prodi
EtterfylgjarGiuliano Amato
Alle verv
  • Italias statsminister (1998–1999)
  • medlem av Deputertkammeret (2008–2013)
  • president (Italianieuropei, 1998–)
  • Italias utenriksminister (2006–2008)
  • Italias visestatsminister (2006–2008)
  • Italias statsminister (1999–2000)
  • Medlem av Europaparlamentet (2004–2006)
  • medlem av Deputertkammeret (1987–1992)
  • medlem av Deputertkammeret (1992–1994)
  • medlem av Deputertkammeret (1994–1996)
  • medlem av Deputertkammeret (1996–2001)
  • medlem av Deputertkammeret (2001–2004)
  • medlem av Deputertkammeret (2006–2008) Sjå dette på Wikidata

D’Alema er no medlem i Europaparlamentet, der han er med i den sosialistiske fraksjonen. D’Alema var tidlegare marxist og med i det italienske kommunistpartiet, men etter at dette vart slege saman med meir moderate parti har han gått noko vekk frå dette.

Han er tidlegare representant i det italienske underhuset. D’Alema har òg hatt regionale politiske verv i Pisa og Puglia.

D’Alema var tidlegare redaktør i den venstreorienterte avisa L'Unità. Han har gjeve ut åtte bøker, der fire er på forlaget Mondadori, som Silvio Berlusconi eig. Dette har ført til at delar av venstresida har kritisert D’Alema for å ha band til Berlusconi.

Bakgrunnsstoff

endre