Messing
substitusjonslegering av kopar og sink
(Omdirigert frå Massing)
Messing er ei legering med kopar og sink som hovudelement. Messing inneheld vanlegvis 10-40 % sink. Legeringa kan òg ha andre tilsatsmateriale, som tinn, aluminium, jern og bly. Messing er eit slitesterkt materiale med gyllen overflate og vert mykje brukt til dekorative føremål.
Metallet er òg eit viktig material for messingblåseinstrument.
Tettleik
endreDen vanlege legeringa CuZn37 har ein massetettleik på om lag 8 400 kg/m3.