Mathias Kjørboe
Mathias Bille Kjørboe (28. april 1794–29. oktober 1859) var ein norsk jurist, embetsmann og stortingsmann frå Moss.
Mathias Kjørboe | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. april 1794 Moss kommune |
Død |
29. oktober 1859 (65 år) |
Yrke | jurist, politikar |
Kjørboe var son til ein jurist. Han vart student frå katedralskulen i Kristiansand i 1810 og vart cand.jur. i 1815 i København. Der etter arbeidde han på sorenskrivarkontoret til faren i Østre Robygdelaget til han i 1817 vart underrettsprokurator i Kristiansand. 1821-23 var han konstituert sorenskrivar i Vestre Robygdelaget. Frå 1829 var han assessor i stiftsoverretten i Kristiansand, til han i 1843 fekk jobben som sorenskrivar i Lyngdal. Til sist var han frå 1852 stiftamtmann i Kristiansand og amtmann i Lister og Mandal.
Kjørboe møtte på Stortinget 1827, Omframtstortinget 1828 og Stortinget 1830 som representant frå Kristiansand. Han var i 1827 visesekretær i Stortinget, sekretær i Gasje- og pensjonskomiteen og i Redaksjonskomiteen. Også i 1828 var han visesekretær i Stortinget og elles sekretær i Odelstinget og medlem i komiteen om løyvingar til ministerkassa. I 1830 var han sekretær i Stortinget og Desisjonskomiteen, dessutan medlem i Justiskomiteen og Valkomiteen. Også i 1839 var han sekretær i Stortinget og medlem i Valkomiteen, og vidare formann i Veglovkomiteen og medlem i Protokollkomiteen.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914