Matkarse
Matkarse
Matkarse
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Krossblomordenen Brassicales
Familie: Krossblomfamilien Brassicaceae
Stamme: Lepidieae
Slekt: Matkarseslekta Lepidium
Art: Matkarse L. sativum
Vitskapleg namn
Lepidium sativum

Matkarse, hagekarse eller berre karse (Lepidium sativum)[1] er ein plante i krossblomfamilien som blir mykje brukt som krydderplante.[2]

Karse har vore nytta som kulturplante sidan oldtida.[2] Han stammar truleg frå Vest- eller Sentral-Asia.[3]

Han har skarp og frisk kryddersmak og blir brukt fersk som pynt, i salatar og i sausar.[2]

Namnet karse blir også nytta for liknande artar i krossblomfamilien og til dels også for artar i andre plantefamiliar, som brønnkarse, engelskkarse, vinterkarse og blomkarse.[2]

Kjelder endre

  1. «Matkarse». Artsdatabanken. Henta 21. november 2017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Karse». Store norske leksikon. 14. februar 2009. 
  3. «Spice Pages: Cresses (Lepidium sativum, Nasturtium officinale, Tropaeolum majus)». Henta 21. november 2017.