Mattak
Mattak (også skrive muktuk og maktaaq) er ei tradisjonell inuittisk matvare av kvalskinn og spekk. Mattak blir rekna som ein delikatesse og blir ofte ete ved festlege høva.[1] Maten blir ofte eten rå, men kan kokast eller steikast.[2] Ein kan også eta han frosen, eller sylta han.
Ein nyttar gjerne hud frå kvitkval, grønlandskval eller narkval til mattak.
Tradisjonelt har maten vore ei viktig kjelde til C-vitamin for inuittar.[3] Spekk er også ei kjelde til D-vitamin.[4]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mattak» frå Wikipedia på dansk, den 5. oktober 2022.
- ↑ Visit Greenland, En madelskers guide til spisning i Grønland, Læst 9. februar 2021
- ↑ Stern, Pamela (2009). The A to Z of the Inuit. Lanham: Scarecrow Press. s. 101. ISBN 978-0-8108-6822-9.
- ↑ Geraci, Joseph R. & Smith, Thomas G. (1979). "Vitamin C in the Diet of Inuit Hunters From Holman, Northwest Territories" (PDF). Arctic. 32 (2): 135–139. doi:10.14430/arctic2611. JSTOR 40508955.
- ↑ Kuhnlein, H. V.; Barthet, V.; Farren, A.; Falahi, E.; Leggee, D.; Receveur, O.; Berti, P. (2006). «Vitamins A, D, and E in Canadian Arctic traditional food and adult diets». Journal of Food Composition and Analysis 19 (6–7): 495. doi:10.1016/j.jfca.2005.02.007.