Matthew Fontaine Maury

Matthew Fontaine Maury (14. januar 18061. februar 1873) var ein amerikansk sjøoffiser, hydrograf, astronom, historikar, oseanograf, meteorolog, kartograf, forfattar, geolog og lærar. Han er vorte kalla «faren til den moderne oseanografien» og skreiv mellom anna Physical Geography of the Sea i 1855, den første omfattande boka om oseanografi.

Matthew Fontaine Maury

Fødd14. januar 1806
Spotsylvania County, Virginia
Død1. februar 1873
Lexington, Lexington
NasjonalitetUSA
Områdeoseanografi, marine weather forecasting, fysisk geografi
Yrkeastronom, marineoffiser, geograf, oseanograf, meteorolog, kartograf, lærar, historikar, skribent, geolog
InstitusjonarUnited States Navy
Virginia Military Institute
BarnDiana Fontaine Maury Corbin, Richard L. Maury
MedlemDet russiske vitskapsakademiet
American Association for the Advancement of Science
Det bayerske vitskapsakademiet

Han vart leiar for sjøkartarkivet, ein institusjon som utvikla seg til U. S. Naval Observatory og Hydrographic Office. Maury samla inn opplysningar om vind og straum frå loggbøker, og arbeidet hans innan meteorologi vart internasjonalt respektert. Han gav mellom anna ut kart over vind og straumar for Nord-Atlanteren, som gjorde at sjømenn kunne redusere reisetida over havet.

Kjelder

endre