Maud Diver
Maud Diver (9. september 1867–14. oktober 1945) var ein angloindisk forfattar som skreiv romanar, noveller, biografiar og journalistiske stykke.
Maud Diver | |
Statsborgarskap | Britisk India |
Fødd | 9. september 1867 Murree |
Død |
14. oktober 1945 (78 år) |
Yrke | romanforfattar, journalist, biograf, skribent |
Språk | engelsk |
Debut | Captain Desmond, V.C. (1907) |
Maud Diver på Commons |
Diver var fødd som Katherine Helen Maud Marshall i Murree nord i Britisk India, noverande Pakistan, der faren Charles Henry Tilson Marshall tenestegjorde som offiser i den britisk-indiske hæren. Ho voks opp i India og på Ceylon (no Sri Lanka), men blei utdanna i England. Ho var venninne livet ut med systera til Rudyard Kipling, Trix Fleming. Maud gifta seg med Thomas Diver (1860–1941), ein offiser i Royal Warwickshire Regiment, om lag 1896, og dei busette seg i England. Dei fekk éin son.
Maud Diver gav ut sin første roman, Captain Desmond, V. C., i 1907. Denne og fleire seinare bøker hadde suksess og låg på bestseljarlistene. Ho var ein romantisk imperialist som var populær i samtida, men stort sett blei gløymd av ettertida, til forskjell frå Kipling frå same tid og miljø, som heldt fram å vera vidkjend. Ho er i nyare tid blitt henta fram att for å studera den angloindiske kulturen ho skildrar.
Romanane hennar tok særleg opp korleis engelskmenn burde leva i Britisk India, og skildra mellom anna blanda ekteskap (til dømes i Lilamani) mellom indarar og engelskmenn som ei mogleg positiv handling som kunne bringa Aust og Vest saman. Samstundes tok ho standpunktet at ein ikkje burde vatna ut britisk blod for mykje, som i Desmond’s Daughter.
Utgjevingar
endre- Captain Desmond, V.C. (roman, 1907)
- The Great Amulet (roman, 1908)
- Candles in the Wind (1909)
- The Englishwoman in India (sakprosa, 1909)
- Lilamani. A Study in Possibilities (1911)
- Sunia: and other stories (1913)
- The Judgment of the Sword. The tale of the Kabul tragedy, and of the part played therein by Major Eldred Pottinger, the hero of Herat (1913)
- The Hero of Herat : A Frontier Biography in Romatic form (1915)
- Desmond’s Daughter (1916)
- Unconquered: a romance (1917)
- Strange Roads (1918)
- The Strong Hours (1919)
- Far to seek. A romance of England and India (1921)
- Lonely Furrow (1923)
- Siege Perilous, and other stories (1924)
- Coombe St. Mary’s (1925)
- But Yesterday- (1927)
- Together (1928)
- A Wild Bird (1929)
- Ships of Youth: a study of marriage in modern India (1931)
- The Singer Passes: an Indian tapestry (1934)
- Kabul to Kandahar (1935)
- Honoria Lawrence : a fragment of Indian history (1936)
- The Dream Prevails (1938)
- Sylvia Lyndon. A novel of England (1940)
- Royal India. A descriptive and historical study of India’s fifteen principal states and their rulers (1942)
- The Unsung. A record of British services in India (1945)
Kjelder
endre- «Australian Academics Explore Stories from the Raj»[daud lenkje] (6. september 2007, by Neena Bhandari)
- Descendants of Sir Frederick Pollock
- "Diver, Maud" The Oxford Companion to Edwardian Fiction. Sandra Kemp, Charlotte Mitchell and David Trotter. Oxford University Press 2002. Oxford Reference Online. Oxford University Press.
- Who Was Who (A&C Black, januar 2007, KnowUK)