Opna hovudmenyen

Mauken, òg kalla «Møken», er eit fjell i Målselv kommune i Troms. Fjellet er 1249 moh, og har ein «mauktipp» som er nesten like høg.

I juni 1941 styrta eit tysk Junkers Ju 88-fly 50 meter nedanfor toppen. Det var elendige flytilhøve, og flygarane såg ikkje fjellet før det var 30 meter unna. Flyet vart totalvrak og mannskapet på tre omkom. Eit par lokale personar fann ein pistol ved flyvraket. Dei vart oppdaga og sende til konsentrasjonsleir i Tyskland.

I 2005 diskuterte investorar om dei skulle bygge Blåfjell-anlegget der eller på Myrefjellet, der sistnemnde vart vedteke. Blåfjell-anlegget skal ha alpinanlegg, temapark og hytter som ein kan kjøpe.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Troms å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.