Maurice de Vlaminck

Maurice de Vlaminck (4. april 187611. oktober 1958) var ein fransk målar, grafikar og forfattar. Som biletkunstnar vert han rekna til fauvistane.

Maurice de Vlaminck
Derain et Vlaminck en 1942.jpg
Fødd 4. april 1876
Paris
Død

11. oktober 1958 (82 år)
Rueil-la-Gadelière

Yrke kunstmålar, skribent, bilethoggar, grafikar, lyrikar, teiknar
Språk fransk
Sjanger portrett
Born Madeleine Berly-Vlaminck
Maurice de Vlaminck på Commons

Vlaminck voks opp i Paris, der foreldra var musikarar. Han gjekk inn i militæret, der han møtte André Derain. Derain lærte Vlamick å måle, og dei to vart seinare gode målarvenner. Vlaminck var elles sjølvlært som målar.[1] Han var særleg inspirert av Vincent Van Gogh og seinare Paul Cézanne.

I 1905 var Vlamick mellom dei såkalla fauves ('ville') som stilte ut på Salon d'automne og på Salon des Indépendants i Paris.[1] Stilen hans var prega av målarkollegaene som sokna til fauvismen. Han beheldt heile sitt lange målarliv sin eigen stil, med ganske tjukk måling og store, sikre strøk. Vlaminck brukte gjerne primærfargar, og kunne eksperimentera med å ta måling rett frå tuba og påføra henne i tjukke lag.[1] Fargane er noko meir avdempa enn hos førebileta. Særleg etter å ha sett ei retrospektiv utstilling av Paul Cézanne sine verk i 1907 vart han påverka av den postimpresjonistiske stilen hans, og tok i bruk meir dempa koloritt med «arkitektonisk fast oppbygd maleri».[2]

Motiva i bileta hans er oftast stilleben og landskap, sjeldnare figurar.[2]

Forfattaren Maurice de Vlaminck skreiv cirka 20 bøker. Han skreiv dikt, fiksjon og memoar, og illustrerte fleire bøker.[1] Ingen av bøkene hans er utgitt på norsk.

Han døydde 82 år gammal i landsbyen Rueil-la-Gadelière.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Maurice de Vlaminck | French artist», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 3. juni 2021 
  2. 2,0 2,1 Fagernes, Trond (26. februar 2020). «Maurice de Vlaminck». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 

BakgrunnsstoffEndra