Salon d'automne eller Haustsalongen er ei kunstutstilling i Paris som har blitt arrangert kvart år sidan 1903. Ho blir halden på Champs-Élysées, mellom Grand Palais og Petit Palais, i midten av oktober.

Plakat for Haustsalongen 1908 av Maxime Dethomas.

I 1905 var salongen opphavsstad for nemninga på kunstretninga fauvisme, og i 1910 introduserte han kubisme. I 1912 førte utstillinga til eit xenofobisk og anti-modernistisk ordskifte i den franske nasjonalforsamlinga.

Historikk endre

 
Tittelsida til utstillingskatalogen frå 1903.
 
Vue de Lyon, plakat av Georges Dufrénoy for kunstutstillinga Salon d'Autonom («Haustsalongen») 1937

Den fyrste Haustsalongen blei arrangert i 1903 av Frantz Jourdain, med Hector Guimard, George Desvallières, Eugène Carrière, Félix Vallotton, Édouard Vuillard, Eugène Chigot og Maison Jansen.[1] Utstillinga var ein radikal reaksjon på konservatismen i den offisielle Parissalongen og i utstillinga til independentane (Salon des indépendants). I løpet av få år blei Haustsalongen fylt med det siste innan målarkunst og skulptur.

Etablerte kunstnarar som Pierre-Auguste Renoir og Auguste Rodin lét verka sine stilla ut ved salongen (Rodin leverte teikningar) for å dra det heile i gang. Mange kjende namn har stilt ut arbeid her, til dømes Paul Cézanne, Henri Matisse, Paul Gauguin og Pablo Picasso før fyrste verdskrigen, medan mellomkrigstida såg namn som Marc Chagall, Amedeo Modigliani, Georges Braque og Marcel Duchamp. Av bilethoggarar som har stilt ut her er Constantin Brancusi, Aristide Maillol, Charles Despiau og Ossip Zadkine. I tillegg fann ein glaskunst av René Lalique og arkitektur ved Le Corbusier. Salongen blir rekna om sentral i verdskunstsamanheng.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Salon d'automne; Société du Salon d'automne, Catalogue des ouvrages de peinture, sculpture, dessin, gravure, architecture et art décoratif. Exposés au Petit Palais des Champs-Élysées, 1903

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Salon d'automne