Maus er ein episk teikneserie som vart utgjeven i to delar frå 1986 til 1991. Serien er teikna av Art Spiegelman. Maus handlar om utryddinga av polske jødar under andre verdskrigen, og fortel biografisk om foreldra til Art, Vladek og Anja Spiegelman, som båe overlevde Auschwitz og kom til USA etter krigen. Samstundes fortel soga om Arts problem med den aldrande faren, og har ei rammeforteljing som går føre seg medan faren fortel og sonen skriv ned. Difor er undetittelen og "far min blør historie".

Dyremetaforar endre

Serien spelar på dyremetaforar, nett som i klassiske amerikanske barneteikneseriar (Donald Duck eller Snurre Sprett), men tonen er langt meir alvorsam. Jødane i soga er framstilt som mus, spegla i tittelen, medan tyskarane er teikna som kattar, som jagar mus. Andre dyreslag i soga:

  • Amerikanarar er teikna som hundar, av di hundar jagar kattar. Svarte amerikanarar er teikna som svarte hundar.
  • Polakkane er teikna som grisar, med tanke på at Polen er eit jordbruksland.
  • Svenskane er teikna som reinsdyr.
  • Franskmenn er teikna som froskar.
  • Russarane er teikna som bjørnar.
  • Britane er teikna som fisk på grunn av det britiske sjøveldet.
  • Ei sigøynarspåkvinne er teikna som ein møll.

Alle figurane er teikna nokså like, slik at det kan vera vanskeleg å skilja dei ulike rollene frå kvarandre anna enn på klesdraktene. Dette er og rekna som eit poeng, sett i lys av tanken om stereotypar i raseideologien. Ein kan likevel sjå ulike drag ved dei ulike musene. Ved eit høve blir Art intervjua av ein jøde frå Israel om kva dyr israelarane ville hatt, og han svarar tvilande: "Holepiggsvin?"

Maus vart ein stor kommersiell suksess, og vart omsett til ei rekkje språk. Den norske utgåva kom på Cappelen, og er omsett av Judith Hauge Nærland.