Mawson Peninsula er ei høg (455 moh), smal, isdekt halvøy på George V Coast, på vestsida av Slava isbrem. Ho strekkjer seg 50 km mot nordvest og vart fotografert frå lufta av USN Operasjon Highjump, 1946-47. Phillip Law frå ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions) flydde langs halvøya til nordenden i februar 1959 og skisserte og fotograferte halvøya. Ho vart namngjeve av ANCA etter sir Douglas Mawson.

Mawson Peninsula
halvøy
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad George V Land og Oates Land
 - koordinatar 68°35′S 154°11′E
Administrert under Antarktistraktaten

Mawson Peninsula
68°34′60″ S 154°10′59″ E
Mawson Peninsula is located in Antarktis
Mawson Peninsula (Antarktis)

Cape Hudson er det nordlege neset på Mawson Peninsula. Det vart oppdaga land her i området den 19. januar 1840 av løytnant William L. Hudson ombord på USS «Peacock» under United States Exploring Expedition (1838–42) leia av Charles Wilkes, som gav landet namnet Cape Hudson. Ein analyse av B.P. Lambert og P.G. Law av kart frå USEE og bilete teken under USN Operasjon Highjump (1946–47) og ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions) (1959), foreslå at det var det nordlege neset på Mawson Peninsula som var Wilkes sitt Cape Hudson.

KjelderEndra

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mawson Peninsula» (innhald frå Geographic Names Information System).