Max Carl Friedrich Beckmann (12. februar 188427. desember 1950) var ein tysk målar og grafikar, fødd i Leipzig. Han vert rekna som ein av dei store ekspresjonistiske kunstnarane. Særleg spela han ei rolle som særprega teiknar, portrettør og subtil illustratør.

Max Beckmann

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 27. februar 1884
Leipzig
Død

27. desember 1950 (66 år)
New York by

Yrke kunstmålar, bilethoggar, bygningstegner, grafikar, skribent, universitetslærar, grafikar, illustratør
Språk tysk
Medlem av Bayerische Akademie der Schönen Künste, Berlin-secesjonen, Accademia delle Arti del Disegno
Max Beckmann på Commons

Etter å ha vitja både Paris og Italia busette Beckmann seg i Berlin i 1904, der han var eit aktiv medlem av Berliner Sezession. Han måla då dramatiske verk i stor målestokk. Frå 1911 byrja han å skape sin eigen stil påverka av modernismen, særleg Pablo Picasso og kubismen.

Han deltok i fyrste verdskrigen som sanitetssoldat. Dei lidingane han då var vitne til førte til at han forma eit ekspresjonistisk forvrengt biletspråk. Natta frå 1918/19 er eit hovudverk frå denne tida. Åra frametter laga han fleire sjølvportrett der han, til dels i ei form som minte om den nye saklegdomen, søkte å avdekke det usikre ved eksistensen. I tillegg utvikla han ei forteljande og myteskapande måleform, særleg i ni triptykon han laga frå 1932 og utover.

Beckmann flytta til Nederland i 1937, då han vart kjend med at nazi-styresmaktene stilte ut hans verk som «entartet kunst». Ti år seinare emigrerte han til USA. Han døydde i New York.

Kjelder endre

  • Aschehougs kunstleksikon, bind 4. 1996