Maxime Bossis

fransk fotballspelar

Maxime Jean Marcel Bossis (fødd 26. juni 1955) er ein tidlegare fotballspelar frå Saint-André-Treize-Voies i Frankrike som vart europameister med landslaget i 1984.

Maxime Bossis
Maxime Bossis, Fotball-VM 1978
Personleg informasjon
Fullt namn Maxime Jean Marcel Bossis
Fødselsdato 26. juni 1955 (68 år)
Fødestad Saint-André-Treize-Voies i Frankrike
Høgd 186 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1973-1985 Nantes 379 (24)
1985-1989 RCF Paris 120 (2)
1989-1990 Nantes 34 (0)
Totalt 533 (26)
Landslag
1976-1986 Frankrike 76 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Karriere endre

Landslagsspel endre

Bossis spelte venstreback eller libero på Frankrike i tida 1976-86. Han var med i VM-turneringane 1978, 1982 og 1986, samt i fotball-EM 1984. I semifinalen under VM 1982 mellom Vest-Tyskland og Frankrike stod det 3-3 etter 120 minuttar. Då Bossis mislukkast å skåre på si straffe i den avgjerande straffeskyting, sende vesttyske Horst Hrubesch laget sitt til finalen då han skåra.

Frå 1983 tok Bossis over som libero i landslaget etter Marius Trésor. I den rolla vart europameister under EM i fotball 1984 på heimebane, og to år seinare fekk han ein bronsemedalje under VM i fotball 1986 i Mexico. I bronsekampen mot Belgia kom Bossis inn til sin 76. og siste landskamp, den gong fransk landslagsrekord. Han skåra eitt landslagsmål.

Klubbspel endre

Bossis var FC Nantes-spelar frå 1973 til 1985. Med Nantes vart han fransk seriemeister 1977, 1980, 1983 og fransk cupvinnar 1979. Perioden 1985-89 tok Bossis plass i midtforsvaret til Racing Paris. I 1990 reiste han tilbake til Nantes og spelte vel eitt år til han la opp i 1991.

Kjelder endre