Horst Hrubesch

tysk fotballspelar

Horst Hrubesch (fødd 17. april 1951) er ein tysk tidlegare fotballspelar og seinare -trenar frå Hamm i Nordrhein-Westfalen. Han vart europameister med Vest-Tyskland i 1980, tre gongar Bundesliga-meister og vinnar av Europacupen 1983 med Hamburger SV, ein klubb han spelte på i tida 1978-83. Hrubesch var kjend som ein uvanleg sterk midtspiss og hovudspelar.

Horst Hrubesch
Horst Hrubesch 2016.jpg
Personleg informasjon
Fødselsdato 17. april 1951 (68 år)
Fødestad Hamm
Høgd 188 cm
Posisjon Angrepsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1971 Germania Hamm
1972-1975 SC Westtünnen
1975-1978 Rot-Weiss Essen 93 (80)
1978-1983 Hamburger SV  159 (96)
1983-1985 Standard Liège 43 (17)
1985-1986 Borussia Dortmund 17 (2)
Landslag
1980-1982 Tyskland 21 (6)
Trenar for
1986-1987 Rot-Weiss Essen
1988-1989 VfL Wolfsburg
1993 Hansa Rostock
1994-1995 Dynamo Dresden
1997 Samsunspor
2000-2016 Tyskland U-21
2018 Tyskland kvinner
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

KlubbspelEndra

Hrubesch spelte fotball i lågare divisjonar til han var 24 år gammal. Han fekk sin bundesligadebut med Rot-Weiss Essen, eit lag han spelte for i tre år. I 1978 vart han overført til Hamburg SV, der han bidrog til at klubben vann bundesligaen allereie i hans fyrste sesong. Våren 1980 var han innbytar då Hamburg tapte europacupfinalen 0-1 mot Nottingham Forest. Både i 1982 og 1983 var han ein sentral spelar då Hamburg vann bundesligaen begge åra, i 1982 vart Hrubesch toppskårar i ligaen med 27 nettkjenningar. Begge desse sesongane tok elles Hamburg seg til finale i europeiske turneringar, i 1982 vart det klart tap mot IFK Göteborg i UEFA-cupen, medan høgdepunktet for klubben kom då Hrubesch som kaptein kunne heve europacup-pokalen etter 1-0 over Juventus i europacupfinalen 1983. Åra 1983-86 var han aktiv to sesongar i belgiske Standard Liège og ein i Borussia Dortmund.

LandslagsspelEndra

Hrubesch debuterte på Vest-Tyskland sitt landslag i april 1980. Den 22. juni skåra han begge måla for vesttyskarane i EM-finalen 1980 i Roma, syrgde dermed for at Vest-Tyskland vann 2-1 over Belgia og tok landets andre EM-tittel. Han var fast på landslaget i tida fram til og med VM i fotball 1982 i Spania. Der skåra han sitt sjette og siste landslagsmål då Vest-Tyskland slo Austerrike 1-0 i gruppespelet. I sin siste landskamp, VM-finalen mot Italia, kom Hrubesch på bana etter ein times spel, men kunne lite gjere med at Italia vann kampen 3-1.

Horst Hrubesch i 2018

MerittarEndra

  • Europameister: 1980 med Vest-Tyskland
  • VM-sølv: 1982 med Vest-Tyskland
  • Vinnar av Europacupen: 1983 med Hamburg SV
  • Vinnar av Bundesliga: 1979, 1982 og 1983 med Hamburg SV
  • Finalist i Europacupen: 1980 med Hamburg SV
  • Finalist i UEFA-cupen: 1982 med Hamburg SV

TrenarEndra

Våren 2018 tok Hrubesch over som landslagssjef for det tyske kvinnelandslaget.

KjelderEndra