May Britt Myhr (fødd 27. mai 1960) er ein norsk kjemikar og petroleumsforskar.

May Britt Myhr

Fødd27. mai 1960
NasjonalitetNoreg
Yrkekjemikar
InstitusjonarNoregs geologiske undersøking
Alma materNoregs teknisk-naturvitskaplege universitet
VervAdministrerande direktør ved
Noregs geologiske undersøking 2018-
FøregangarMorten Smelror

Myhr er frå LangevågSunnmøre. Ho studerte til ein cand. scient.-grad i analytisk organisk kjemi i Trondheim frå 1980 til 1985. Ho byrja å jobba i SINTEF Petroleumsforskning (dåverande IKU) i 1986, der ho blei forskingsleiar i 2000 og administrerande direktør i 2005.[1] Ho var forskingssjef ved Seksjon for forsking og samlingar ved Naturhistorisk museum i Oslo. I 2015 vart ho instituttleiar ved Institutt for petroleumsteknologi ved Universitetet i Stavanger.[2] Myhr blei tilsett som direktør i Noregs geologiske undersøking frå august 2018, som fyrste kvinne i stillinga.[3]

Kjelder endre

  1. «May Britt Myhr to be SINTEF’s new head of petroleum research». SINTEF (på engelsk). 
  2. «Ny instituttleder for petroleumsteknologi - UiS» (på norsk). Arkivert frå originalen 16. juni 2018. Henta 15. juni 2018. 
  3. «Myhr ny NGU-direktør | Norges geologiske undersøkelse», www.ngu.no, henta 17. januar 2021