May Hansen

norsk politikar

May Elisabeth Hansen (fødd 8. mai 1953 i Fredrikstad) er ein norsk SV-politikar. Ho vart innvald på Stortinget frå Østfold i 2001 og attvald i 2005. SV tapte sitt Østfold-mandat ved stortingsvalet 2009, og Hansen gjekk dermed ut av Stortinget.

May Hansen
Fødd8. mai 1953 (70 år)
Fredrikstad
Statsborgar avNoreg
PartiSosialistisk Venstreparti
Yrkejordmor, politikar
Alle verv

Hansen er utdanna sjukepleier frå Menighetssøsterhjemmets sykepleierskole 1971–1974 og jordmorskole åra 1975–1976. Hansen arbeidde deretter som jordmor, blant anna ved Moss sjukehus , Vålar kommune, Fredrikstad sjukehus og Rygge kommune.

Stortingskomitear og andre stortingverv endre

  • 2005–09: innpiskar SV.
  • 2005–09: medlem av familie- og kulturkomiteen
  • 2005–09: medlem av valkomiteen
  • 2001–05: medlem og første nestleiar av familie-, kultur- og administrasjonskomiten

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre