Walter Maynard Ferguson (4. mai 192823. august 2006) var ein kanadisk jazzmusikar og bandleiar. Han vart kjend då han spelte i orkesteret til Stan Kenton, før han danna sitt eige band i 1957. Han var kjend for banda sine, som ofte var eit springbrett for lovande talent,[1] og at han klarte å spele utrykksfullt og nøyaktig i eit særs høgt register.

Maynard Ferguson

Fødd4. mai 1928(1928-05-04)
FødestadVerdun i Quebec i Canada
Død23. august 2006 (78 år)
DødsstadVentura i California i USA
FødenamnWalter Maynard Ferguson
OpphavCanada
Aktiv1939–2006
SjangerJazz
InstrumentTrompet, flygelhorn, firebird, trombone, superbone, barytonhorn, valthorn, sopransaksofon
Tilknytte artistarBig Bop Nouveau, Stan Kenton Orchestra
PlateselskapApex, Columbia Records, EmArcy
Verka somBandleiar, trompetist
PrisarCharles E. Lutton Man of Music Award, Canadian Music Hall of Fame, medlem av Order of Canada

Biografi

endre

Etter å ha leia sitt eige storband i Montreal, kom Ferguson til USA i 1949 med håp om å bli med i orkesteret til Kenton, men det ensemblet hadde akkurat blitt oppløyst. I staden fekk Ferguson erfaring med å spele med storbanda til Boyd Raeburn, Jimmy Dorsey og Charlie Barnet. I 1950 vart Kenton sitt Innovations Orchestra danna, og Ferguson vart ei stjerne, då han spelte særs høge tonar lett som berre det. I 1953 forlet han Kento for å arbeide i studio i Los Angeles og tre år seinare leia han stjernebandet Birdland Dreamband. I 1957 sette han saman eit fast storband som varte fram til 1965, og spelte fast for Roulette. Musikarar som Slide Hampton, Don Ellis, Don Sebesky, Willie Maiden, John Bunch, Joe Zawinul, Joe Farrell, Jaki Byard, Lanny Morgan, Rufus Jones, Bill Berry og Don Menza var berre nokre av dei han spelte med.

Etter at økonomiske vanskar tvang han til å gje opp det imponerande bandet, var Ferguson i fleire år berre delvis aktiv musikar og var ei tid i India, før han starta eit nytt band i England. Etter å ha flytta attende til USA gjekk Ferguson den kommersielle vegen i 1974. Jazzfansen var forferda av dei smaklause innspelingane med versjonar av songar som kjenningsmelodiane frå Star Wars og Rocky. Etter å ha kutta ned på det store orkesteret sitt tidleg i 1980-åra, spelte Ferguson inn noko bop i 1983 og leia funkbandet High Voltage i 1987-1988, før han gjekk attende til jazz med Big Bop Nouveau Band, eit mellomstort band som han turnerte verda rundt med før han døydde av nyre- og leversvikt den 23. august 2006.

Diskografi

endre
  • 1954 - Jam Session featuring Maynard Ferguson (EmArcy)
  • 1954 - Jam Session (EmArcy) - med Clifford Brown og Clark Terry
  • 1954-55 - Dimensions (EmArcy)
  • 1955 - Maynard Ferguson Octet (EmArcy)
  • 1955 - Maynard Ferguson's Hollywood Party (EmArcy)
  • 1955 - Around the Horn
  • 1956 - The Birdland Dream Band, Vol. 1
  • 1957 - The Birdland Dream Band, Vol. 2
  • 1957 - Boy with Lots of Brass
  • 1958 - Swingin' My Way Through College
  • 1958 - A Message from Newport
  • 1959 - A Message from Birdland
  • 1959 - Plays Jazz for Dancing
  • 1960 - Newport Suite
  • 1960 - Maynard '61
  • 1960 - Double Exposure (med Chris Connor)
  • 1961 - Let's Face the Music and Dance
  • 1961 - "Straightaway» Jazz Themes
  • 1961 - Two's Company (med Chris Connor)
  • 1962 - Maynard '62
  • 1962 - Si! Si! M.F.
  • 1962 - Message from Maynard
  • 1963 - Maynard '63
  • 1963 - Maynard '64
  • 1964 - The New Sounds of Maynard Ferguson
  • 1964 - Come Blow Your Horn
  • 1964 - Color Him Wild (Mainstream) - gjeve ut på nytt som Dues
  • 1964 - The Blues Roar (Mainstream) - gjeve ut på nytt som Screamin' Blues
  • 1965 - The Maynard Ferguson Sextet (Mainstream) - gjeve ut på nytt som Six By Six and as Magnitude with bonus spor
  • 1966 - Ridin' High
  • 1968 - Trompet Rhapsody (gjeve ut på nytt som «Maynard Ferguson 1969")
  • 1969 - The Ballad Style of Maynard Ferguson
  • 1970 - M.F. Horn (òg gjeve ut som The World of Maynard Ferguson)
  • 1971 - Mainard Ferguson (òg gjeve ut som Alive and Well in London)
  • 1971 - Screamin' Blues
  • 1972 - M.F. Horn Two
  • 1973 - M.F. Horn 3
  • 1974 - M.F. Horn 4&5: Live At Jimmy's
  • 1974 - Chameleon
  • 1976 - Primal Scream
  • 1977 - Montreux Summit Vol 1
  • 1977 - Montreux Summit Vol 2
  • 1977 - Conquistador
  • 1977 - New Vintage
  • 1978 - Carnival
  • 1979 - Uncle Joe Shannon
  • 1979 - Hot
  • 1980 - It's My Time
  • 1982 - Hollywood
  • 1983 - Storm
  • 1984 - Live from San Francisco
  • 1986 - Body and Soul
  • 1987 - High Voltage, Vol. 1
  • 1988 - High Voltage, Vol. 2
  • 1990 - Big Bop Nouveau
  • 1991 - Magnitude (nyutgjeving av Maynard Ferguson Sextet)
  • 1992 - Footpath Cafe
  • 1993 - Live from London
  • 1994 - These Cats Can Swing
  • 1994 - Complete Roulette Recordings
  • 1996 - One More Trip to Birdland
  • 1998 - Brass Attitude
  • 1999 - Big City Rhythms (med Michael Feinstein)
  • 2001 - Swingin' for Schuur (med Diane Schuur)
  • 2004 - All Stars Jam Session (Dinah Washington Jam Session)
  • 2006 - M.F. Horn VI: Live at Ronnie's
  • 2007 - Sextet 1967 (studioopptak for CBC)
  • 2007 - Orchestra 1967 (studioopptak for CBC)
  • 2007 - The One and Only
  • 2012 - Complete Cameo Recordings

Som sidemann

endre

med Georgie Auld

med Dinah Washington

med Russ Garcia

  • Four Horns and Lush Life (Japan) (Bethlehem TOCJ-62052)
  • Russ Garcia and his Four Trombone Band (Fresh Sound Records FSR 2208)

med Tito Puente

  • Special Delivery Featuring Maynard Ferguson (Concord, 1996)

Kjelder

endre
  1. «Ferguson, Maynard». Encyclopedia of Music in Canada. The Canadian Encyclopedia. Arkivert frå originalen 30. mai 2012. Henta 2. januar 2008. 

Bakgrunnsstoff

endre