Tryggingsrådet i SN

(Omdirigert frå Tryggingsrådet)

40°44′59″N 73°58′3″W / 40.74972°N 73.96750°W / 40.74972; -73.96750 Tryggingsrådet i SN (bokmål FNs sikkerhetsråd) er eitt av seks hovudorgan i Dei sameinte nasjonane (SN).[1] Det har som oppgåve å oppretthalda internasjonal fred og tryggleik[2] og godkjenna nye medlemmer av SN[3] og godkjenna endringar av SN-pakta.[4] Det har mellom anna fullmakt til å skipa fredsbevarande operasjonar, internasjonale sanksjonar og militære handlingar gjennom resolusjonar. Det er det einaste SN-organet som kan gje bindande resolusjonar til medlemsstatar. Tryggingsrådet heldt sitt første møte 17. januar 1946.

Tryggingsrådet i SN

United Nations Security Council

مجلس الأمن التابع للأمم المتحدة
联合国安全理事会
Conseil de sécurité des Nations unies
Совет Безопасности Организации Объединённых Наций
Consejo de Seguridad de las Naciones Unidas

Møterommet til Tryggingsrådet i New York.
TypePrincipal Organ
Skipa24. oktober 1945
HovudkontorSN-bygningen
RådspresidentSebastiano Cardi
Nettstadhttp://un.org/en/sc

Medlemmar endre

 
Barack Obama leiar eit møte i Tryggingsrådet den 24. september 2009.
Foto: Pete Souza

Tryggingsrådet har femten medlemmar.[5] Stormaktene som var allierte i andre verdskrigen, USA, Frankrike, Folkerepublikken Kina, Russland og Storbritannia er faste medlemmar av rådet og har vetorett, slik at dei kan hindra føreslåtte vedtak. I tillegg til dei fem faste medlemmane har rådet ti andre medlemmar frå ulike regionar i verda som sit i rådet i toårsperiodar. Presidentskapen går på omgang blant medlemmane.

Noreg har vore medlem av Tryggingsrådet fem gonger:

Forløpar endre

Folkeforbundet hadde eit tilsvarande råd, som tok dei fleste avgjerdene . Dette rådet hadde fem permanente medlemmer (Storbritannia, Frankrike, Italia, Japan og Tyskland) og eit varierande tal valde medlemmer (først fire, sidan seks og ni).

Vetoretten endre

Når det gjeld reine prosedyrespørsmål, som gjeld korleis rådet skal arbeida, trengst det ni stemmers fleirtal. I alle andre saker trengst det også at ingen av dei faste medlemmane stemmer imot. Det er dette som er kjend som vetoretten.[8] Kina, Russland, Frankrike, Storbritannia og USA må dermed anten stemma for, eller avstå frå å stemme, dersom ein resolusjon skal gå gjennom.

Utviding endre

Det har lenge vore diskusjonar om å utvide talet på permanente medlemmar. Landa som har markert seg med dei sterkaste krava om fast sete, Japan og Tyskland, er dei andre og tredje største netto bidragsytarane til SN. Tyskland er også den nest største bidragsytaren av troppar til SN-operasjonar etter USA.

Tidlegare generalsekretær Kofi Annan ba sine rådgjevarar om å fremja forslag til korleis SN-struktur kunne reformerast. Ei føreslått løysing er å utvide talet på faste medlemmar av rådet med fem, som inkluderer Japan, Tyskland, India, Brasil og eit afrikansk land. I september 2004 underteikna desse fire landa ei felles uttaling der dei gjensidig støtte kvarandre sine krav om fast plass. Storbritannia og Frankrike erklærte at dei støtta kravet.

Nokre land, som Italia og Nederland, har lagt fram ønske om eit felles europeisk sete.

Kjelder endre

  1. «Article 7 (1) of Charter of the United Nations». 
  2. «Article 24 (1) of Charter of the United Nations». 
  3. «Article 4 (2) of Charter of the United Nations». 
  4. «Article 108 of Charter of the United Nations». 
  5. «Article 23 (1) of Charter of the United Nations». United Nations. Henta 8. januar 2023. 
  6. «Norge og arbeidet i FNs sikkerhetsråd 2001-2002». Regjeringen.no. 12. januar 2003. Henta 8. januar 2023. 
  7. «Norges medlemskap i FNs sikkerhetsråd 2021–2022». Regjeringen.no. 2. januar 2023. Henta 8. januar 2023. 
  8. FN-sambandets informasjonsside om Sikkerhetsrådet, arkivert frå originalen 4. februar 2014, henta 19. november 2017 

Bakgrunnsstoff endre