Opna hovudmenyen

Mazandarani er eit iransk språk som blir talt i provinsen Mazandaran i Iran og nærliggande område. Det er eit nordvestiransk språk, og dermed nærskyld med språk som kurdisk og zazaisk. Persisk, nasjonalspråket i Iran, er òg eit vestiransk språk, men persisk og mazandarani er ikkje så så like at språkbrukarane utan vidare kan forstå kvarandre.

Mazandarani
(مازِرونی māzərūni)
Klassifisering: Indoeuropeisk
 Indoiransk
  Iransk
   Vestiransk
    Nordvestiransk
     Mazandarani
Bruk
Tala i: Flag of Iran.svg Iran
Mazandaranitalande i alt: 3 265 000[1]
Rangering: Nordlege Iran, nær Kaspihavet; regionen Mazandaran
Skriftsystem: Det arabiske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-3: mzn
Wikipedia på mazandarani

Mazandarani har ein lang skriftleg tradisjon, frå mellom det tiande og femtande hundreåret.

Utbreiing av mazandarini

SpråketEndra

Mazandarani er brukt i området avgrensa av dei høge Elburz-fjella. Språket har konservert mange arkaiske ordformer som er borte i andre iranske språk, men som vi kan finne att i andre indo-europeiske språk. Nedanfor gir vi att nokre døme på dette:

Norsk Mazanderani Persisk Proto-Indo-Europeisk Døme på
Ny Neo No/Now *newos Adjektiv
Stor Gat Bozorg, Gonde, Katte Adjektiv
Betre Better Behtar Adverb
Vere Bien Budan Infinitiv av hjelpeverb
Måne Moong/Mong Mâh *mehnos Substantiv
Dotter Deter Dokhtar *dheugh Substantiv
Ku Go/Gu/Guw Gâv/Gow Substantiv
Min / mi/ mitt Me / Mi am, om Pronomen
Gape Gap Gap Verb
Høgre Rast Râst
Mykje Mašt Farāvān, Besyār, Mašt Adjektiv

KjelderEndra