Opna hovudmenyen

Mazor (hebraisk skrift מָזוֹר, tyder Kur) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på Sharonsletta kring 3 km søraust for Petah Tikva og dekkjer 2 300 dekar og høyrer til Hevel Modi'in regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 1 294.[1]

Mazor
מָזוֹר
moshav
Roman Mausoleum in Mazor, Israel.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Sharonsletta
Distrikt Sentral
Kommune Hevel Modi'in
Koordinatar 32°3′9″N 34°55′33.95″E
Folketal 1 294
Grunnlagd 1949
 - Grunnlagd av Jødiske immigrantar frå Tsjekkoslovakia og Ungarn og innfødde israelarar
Tilhøyrsle Moshavimrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Mazor

HistorieEndra

 
Columbarium i Mazor-mausoleet.

Moshaven vart grunnlagd i 1949 av immigrantar frå Tsjekkoslovakia og Ungarn og av innfødde israelarar. Han vart opphavleg kalla Mizra Har (hebraisk skrift מזרע הר, tyder Sådd eng på eit fjell), men vart seinare kalla Mazor, eit namn som kom frå den avfolka arabiske landsbyen al-Muzayri'a. Den første tida i Mazor er tema i ein historisk roman, Kfar BaSfar («Ein landsby på grensa») av Gershon Erich Steiner, ein av grunnleggjarane av Mazor.[2]

Mazor vart grunnlagd på landområde som høyrer til den avfolka arabiske landsbyen Rantiya,[3] og det vestlege landområdet til al-Muzayri'a.[4]

Aust for moshaven ligg ein arkeologiske stad med eit romersk mausoleum frå 200-talet. Mausoleet er den einaste bygningen frå romartida i Israel som framleis står frå fundamentet til taket. Det vart funne eit mosaikkgolv frå bysantinsk tid ikkje langt frå mausoleet.Mal:Cn

KjelderEndra

  1. «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. 
  2. About Mazor Homee
  3. Khalidi, Walid (1992). All that Remains. Washington DC: Institute for Palestine Studies. s. 252. ISBN 0-88728-224-5. 
  4. Khalidi, p399