McCluresundet (engelsk McClure Strait) er eit sund i Nordishavet, inne i det canadiske Nordvestterritoria. Sundet utgjer den vestlegaste delen av Parrykanalen og knyter Melvillesundet i aust saman med Beauforthavet i vest. Det skil Banksøya i sør frå Elisabetøyane Melvilleøya, Patrickøya og Eglintonøya i nord. På det smalaste punktet er McCluresundet omkring 75 kilometer breitt.

McCluresundet
sund
Land  Canada
Del av Parrykanalen
Kart
McCluresundet
74°42′N 117°00′W / 74.7°N 117°W / 74.7; -117
McCluresundet i Nordvestpassasjen

McCluresundet er som regel dekt med pakkis, også om sommaren. Sommaren 2007 viste satellittbilete for fyrste gong at sundet var fullstendig fritt for is.[1]

Sundet er kalla opp etter briten Robert McClure, den fyrste som sigla gjennom heile Nordvestpassasjen.

Kjelder endre

Referansar endre