Eglintonøya (engelsk Eglinton Island) er ei øy i det kanadiske Arktis og høyrer til Nordvestterritoria i Canada. Eglintonøya ei ei av Elisabetøyane. Ho har ei flatevidd på 1 541 km² og er i kring 80 km lang og 15-30 km brei. Øya ligg kring 75°48'N 118°30'W, og er på det høgste kring 150 moh. Ho ligg på nordsida av McCluresundet, straks sør for den mykje større Patrickøya, og er folketom og utan menneskeleg verksemd.

Eglintonøya
øy
Land  Canada
Del av Elisabetøyane
Areal 1 541 km²
Folketal 0
Kart
Eglintonøya
75°48′N 118°30′W / 75.8°N 118.5°W / 75.8; -118.5
Eglintonøya si kartplassering i kanadisk Arktis
Eglintonøya si kartplassering i kanadisk Arktis
Eglintonøya si kartplassering i kanadisk Arktis
Wikimedia Commons: Eglinton Island
Eglintonøya og sunda i kring

Eglintonøya vart oppdaga i 1853 av Francis McClintock og George Mecham.

Kjelder

endre