Med hjartet på rette staden

Med hjartet på rette staden (originaltittel: Heartbeat) er ein britisk fjernsynsserie som byrja å gå i 1992 og endå går på fjernsynskanalen ITV. Serien føregår på 1960-talet og er sentrert rundt livet på ein liten politistasjon, ein pub og ein bilverkstad/eit gravferdsbyrå i Aidensfield, ein fiktiv versjon av landsbyen Goathland i North Yorkshire, der serien for det meste vert filma. Musikk frå 60-talet er eit vesentleg innslag i serien, både i handlinga og som lydspor.

Heartbeat
Norsk tittel: Med hjartet på rette staden
Hearbeat-Logo.jpg
Typefjernsynsserie
SjangerDrama
OpphavslandStorbritannia
ProduksjonslandFlag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Introduksjonsår1992
Sesongar18
Episodar372
Lengd45-51 minutt
SpråkEngelsk
SkaparJohnny Byrne
Keith Richardson
Gerry Mill
Produsent
  • Gerry Hill (187 episodar, 1996-2004)
  • Archie Tait (97 episodar, 2004-2008)
  • Steve Lanning (20 episodar, 1993)
  • Martyn Auty (16 episodar, 1994)
  • Carol Wilks (15 episodar, 1995)
  • Stuart Doughty (10 episodar, 1992)
ProduksjonsleiarKeith Richardson
(369 episodar, 1992-2009)
Kathleen Swedles
(12 episodar, 2008)
Medverkande
Periode10. april 1992
12. september 2010
KanalITV
Biletformat
  • 576i (4:3 PAL(1992-99)
  • 1080i (16:9) (1999-2010)
LydformatStereo

Bøkene i Constable-serien av Nicholas Rhea var utgangspunkt for serien. Serien vert send i Noreg på NRK1 som laurdagsunderhaldning. Han er teksta på nynorsk.