Medley i symjing
(Omdirigert frå Medleysymjing)
Medley i symjing er ein kombinasjon av fire ulike symjestilar i ein distanse.[1] Ein kan symja medley både som individuell øving og som stafett.
Individuell medley
endreI individuell medley symm den same symjaren like lange distanser i fire ulike stilar. Rekkjefølgja er:[2]
- Butterfly
- Rygg
- Bryst
- Fristil (crawl) (alle symjestilar er lov bortsett frå butterfly, bryst- eller ryggsymjing[3])
Tevlingar
endreEin tevlar både nasjonalt og internasjonalt på følgjande distansar: 100 m, 200 m, 400 m.
- 100 m individuelt: Berre i kortbanebasseng (25 m). Er ikkje olympisk øving.
- 200 m individuelt: Både i kortbane- og langbanebasseng. Dette var olympisk øving i OL 1968 i Mexico by, og frå og med OL 1984 i Los Angeles har øvinga vore fast på programmet.
- 400 m individuelt: Både kortbane og langbane. Har vore OL-øving sidan OL 1964 i Tokyo.
Medleystafett
endreMedleystafett (også kalla lagmedley) blir symd av lag med fire deltakarar, der kvar deltakar sym ein etappe. Ryggsymjing er den første disiplinen, sidan ryggsymjarane startar frå vatnet. Rekkjefølgja er:
Tevlingar
endreEin tevlar i:
- 4 * 50 m medleystafett: Berre i kortbanebasseng, og er ikkje ei olympisk øving.
- 4 x 100 meter medley: Både i kortbane- og langbanebasseng. Har stått på det olympiske programmet sidan OL 1960 i Roma..
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Medleysvømming» frå Wikipedia på bokmål, den 26. januar 2019.