Mehamn-opprøret fann stad den andre juni i 1903. Då øydela fiskarar kvalfangsstasjonen i Mehamn fordi dei meinte at kvalfangsten øydela fisket.

Informasjonstavle i Mehamn om «Mehamn-opprøret» i 1903

I 1870-åra starta den industrielle kvalfangsten utanfor Finnmark. Kapitalsterke grupper sørfrå rundt Svend Foyn bygde opp fleire kvalfangsstasjonar langs finnmarkskysten. Fangsten var så stor at bestanden vart kraftig redusert. Fiskarane meinte at kvalen pressa fisken inn til kysten og dermed la grunnlaget for kystfisket utanfor Finnmark. Rundt hundreårsskiftet var det fleire uår i fiskeria utanfor Finnmark.

Fiskarane protesterte derfor mot kvalfangsten. Det vart tatt fleire initiativ for å få Stortinget til å frede kvalen, men dette førte ikkje fram. Då Stortinget i 1903 utsette handsaminga av kvalfredning nok ein gong utløyste dette aksjonen.

Den andre juni i 1903 vart stasjonen i Mehamn grundig øydelagd. Fleire andre stasjonar var òg truga av øydelegging. Militære styrkar vart sende ut for å opprette lov og orden.

Kvalfredning vart vedteke året etter.

Kjelder endre