1870-talet byrja med Den fransk-tyske krigen, som enda gjennom Frankfurtfreden den 10. mai 1871, der Frankrike avstod frå Alsace/Elsass. Også i 1871 blei kong Vilhelm I av Preussen utropt til keisar av Det tyske keisardømet. Deretter følgde ein periode med fred og stabilitet i Europa og i USA, der borgarkrigen hadde enda i 1865. For USA blir perioden kalla rekonstruksjonstida. Men Den lange depresjonen med ei rekkje bankkriser fann også stad i dette tiåret.

Les dernières cartouches (1873) av Alphonse-Marie-Adolphe de Neuville. 'Dei siste patronane', med motiv frå Den fransk-tyske krigen.
Det tyske keisardømet i 1871, med Alsace/Elsass avmerkt.
Telefonen er ei oppfinning frå 1870-talet
Glødelampa er ei anna oppfinning frå 1870-talet

1870-talet var kjenneteikna av store tekniske oppfinningar og framsteg. Verdsutstillinga i 1873 i Wien var den største verda hadde sett, men blei snart overgått av Centennial Exposition i Philadelphia i 1876. Nyvinningar som telefonen (1876), fonografen (1877) og glødelampen (1879) blei funne opp i dette tiåret, sjølv om dei først fekk kommersielle gjennombrot på 1880-talet.

Hendingar endre

Kultur endre

Personar endre

Statsleiarar
Andre

Fødde endre

  • Jeanne Calment, f. 1875, blei det lengst-levande mennesket i historia. Ho levde til 1997. Med ein alder på 122 år er ho framleis det eldste kjende mennesket i 2018.

Døde endre

Kjelder endre

Fotnoter endre

  1. Pascal Boniface; Charlotte Lepri (2008). 50 idées reçues sur les États-Unis. Hachette Littératures. ISBN 978-2-0123-7638-0. 
  2. Bernard Denvir, The Thames and Hudson Encyclopaedia of Impressionism (1990).
  3. Denvir (1990), s. 32.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: 1870-åra
< 1870-åra >

1870 | 1871 | 1872 | 1873 | 1874 | 1875 | 1876 | 1877 | 1878 | 1879