Mekanisk verkstad

Mekanisk verkstad er ei ofte nytta nemning på verksemder som driv med produksjon eller reparasjon av maskinar og konstruksjonar i stål, jarn og anna metall, og som til vanleg har ein eller fleire spesialverkstader, til dømes smie, støyperi, sveiseverkstad, metallplateverkstad, skipsbyggeri eller anna i tillegg til sjølve maskinverkstaden. Skipsverft og skipsbyggeri som byggjer skip i stål, lagar skipsmotorar og anna skipsutstyr, har ofte kalla seg mekaniske verkstader, og det same gjeld verkstader som lagar og monterer stålbruer og liknande. Mekaniske verkstader skil seg ofte frå fabrikkar og andre verksemder ved at mykje av det som produserast ikkje er masseprodukt, men tilpassa ulike krav. Men verksemder som vart skipa som mekaniske verkstader, har ofte utvikla seg til produsentar av einsarta produkt i store seriar.

Produksjonslokale på A/S Thunes Mekaniske Værksted på Skøyen i Oslo i 1947.
Foto: Leif Ørnelund/Oslo Museum.

Bakgrunnsstoff endre

snl.no