Opna hovudmenyen

Støyperi er ei verksemd som er utstyrt for produksjon av gjenstandar ved å støype dei og deretter gjere dei ferdige. Det finst ulike typar støyperi etter kva råstoff som vert nytta, kva slags produkt som vert laga, eller kva støypemetode som vert nytta. Ein kan finna støyperi i bygningar, fabrikkar eller andre lokale.

Lysstøyperi i Saint Louis i 1927.

Eit jarnstøyperi nyttar støypejarn som råstoff, til dømes for å lage kumlokk, peisar og vedomnar, steikepanner eller anna. Metallstøyperi er nemninga på støyperi som nyttar andre typar metall som råstoff, til dømes bronse, og er det skulpturar eller andre kunstgjenstandar som er produktet, vert støyperiet ofte kalla kunststøyperi. Kyrkjeklokker og andre klokkar vert støypte i eit klokkestøyperi. Lys av stearin og liknande vert framstilt i eit lysestøyperi; det finst støyperi for å masseprodusere gjenstandar av gips, og ulike typar støyperi for støyping av gjenstandar av plast.

Ein fagarbeidar som har jarn- eller metallstøyping som yrke, vert kalla støypar. Men den gamle nemninga gjørtlar, som skriv seg frå mellomalderen, vert framleis nytta i somme høve om ein handverkar har som yrke å støype og gjere etterarbeid på smågjenstandar.

Sjå ògEndra