Meløy kyrkje er ei langkyrkje frå 1867 i Fore og Meløy sokn i Bodø domprosti.

Meløy kyrkje
Meløy kirke
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Sør-Hålogaland
Prosti Bodø Domprosti
Sokn Fore og Meløy
Fellesråd Meløy
Type Langkyrkje
Arkitekt Håkon Mosling og Nordan
Material Tre
Innvigd 1867
Kyrkjegard Ved kyrkja
Kart
Meløy kyrkje
66°49′25″N 13°24′24″E / 66.8235°N 13.4066°E / 66.8235; 13.4066
Wikimedia Commons: Meløy kirke

Kyrkja er bygd i nygotisk stil; ho er i tømmer og hadde opphavleg 600 plassar. Eit kapell frå 1966 har 104 plassar.

Kyrkjestaden endre

 
Meløy kyrkje fotografert kring 1890.
(Foto: Axel Lindahl/Norsk Folkemuseum)

Kyrkja ligg på Meløya, ein sentral plass i kommunen fram til 1952 då kommuneadministrasjonen vart flytta bort frå øya. Garden ved kyrkja var òg sete for Benkestokfamilien. Ein veit ikkje når den første kyrkja vart bygd på staden, men kjelder syner at både Rødøya og Meløya hadde kyrkje før 1432. Neste sikre referanse er frå 1541 då Trond Benkestok fekk rett på inntekta frå «- Mellø kapel i Rødøe Prestegjeld» i eit løyve frå Kristian III av Danmark-Noreg. I åra 1661 til 1666 vart det reist ei ny kyrkje, men allereie i 1704 brann ho ned. Det tok tid å få finansiert gjenreisinga, men etter eit møte i Gåsvær 1-2 september 1708 kom bygginga i gang og kyrkja stod ferdig i 1711.

Kyrkja frå 1711 vart for lita på siste halvdel av 1800-talet, og den noverande kyrkja vart teikna i 1864 for 750 plassar. Departementet reduserte storleiken til 600 plassar. Kyrkja som vart reist fekk trefliser som taktekkje noko som vart årsak til lekkasjar. Dagens skifertak kom først i 1927 til 1928. Ei av fleire store oppussingar og endringar vart gjort rett før hundreårsjubileet, mellom anna vart det bygd eit kapell inne i kyrkja.

Kjelde endre

Bakgrunnsstoff endre