Håkon Mosling

norsk arkitekt

Håkon Adelstein Mosling (fødd 16. april 1840 i Trondheim, død 7. oktober 1914 på Narestø i Flosta) var ein norsk byggmeister og arkitekt som særleg arbeidd som kyrkjearkitekt.

Håkon Mosling
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. april 1840
Trondheim
Død

7. oktober 1914 (74 år)

Yrke arkitekt
Håkon Mosling på Commons
Dyrøy kyrkje
Foto: Lise Løvland

Mosling budde fleire stader i Noreg; i Trondheim, Steinkjer og Oslo. Som ein del av arkitektpraksisen opererte han òg som byggmeister og i ein periode hadde han høvleri og snikkarverkstad i Steinkjer. Dei siste 20 åra av arbeidslivet var han tilsett som teiknar for forsvaret på Akershus festning.

Han skal ha blitt utdanna i Hannover, men er ikkje nemnt som student i protokollar frå den tekniske høgskulen. Somme av kyrkjebygga Mosling teikna kan tyde på lite skolering og fleire av teikningane gjekk gjennom omfattande korrektur av arkitekt Jacob Wilhelm Nordan i samanheng med godkjenning på vegne av Kyrkjedepartementet.

Mosling var arkitekt for Meløy kyrkje - saman med Jacob Wilhelm Nordan -, Brønnøy kyrkje, Sakshaug kyrkje, Grong kyrkje, Heggstad kyrkje og Dyrøy kyrkje. Han teikna òg Levanger kyrkje, Namsos kyrkje, Skjerstad kyrkje og Lebesby kyrkje, alle fire er seinare brent ned.

I tillegg til kyrkjer, teikna han landstaden Solvold i Bodø, seinare riven, prestegard i Buksnes, ein telegrafstasjon i Rørvik og eit hus på Strinda.

Kjelder endre