Meløya i Øksnes

68°54′58″N 15°17′02″E / 68.91611°N 15.28389°E / 68.91611; 15.28389 Meløya er ei øy i Øksnes kommune i Vesterålen. Ho ligg om lag 2 km utanfor Alsvåg. Det bur om lag 43 menneske om øya. Det et tre gardsbruk på øya som driv med sau.

På den største haugen på øya, Storhaugen (50 moh.) er det restar av eit fyr, som fungerte ved at ein tente eit bål som lyste for at båtane såg kor leia var. Det finst òg ei segn om at det var ein gullskatt på øya. Han vart røva, men på veg til Bergen for å selje han, forliste skipet, og skatten gjekk tapt.

Meløya har to fine strender, Breistranda og Meløysanden. Der er det gode høve for bading og tur til fots.