Melanie Paschke (fødd 29. juni 1970) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Braunschweig som tevla på sprintdistansane. Ho vann EM-gull 1994 og VM-gull 2001 i 4 x 100 m stafett.

Melanie Paschke
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 29. juni 1970 (54 år)
Braunschweig
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 1996

Aktiv

endre

Paschke tok bronsemedaljen på 100 meter ved EM 1994. Dagar seinare vann ho og Silke Knoll, Bettina Zipp og Silke Lichtenhagen gull i 4 x 100 meter i same meisterskapen. Året etter deltok ho på det tyske mannskapet som sprang inn til stafettbronse i VM i Göteborg, etter fjerde- og sjetteplass på dei individuelle sprintdistansane 200 og 100 meter. Våren 1998 sigra Paschke på 60-meteren i hall-EM. Ved europameisterskapen same året vann ho bronsemedaljen på 200 meter og sølv i stafett.

To år etter Friidretts-VM 2001 vart Paschke verdsmeister i 4 x 100 meter stafett saman med Gaby Rockmeier, Birgit Rockmeier og Marion Wagner. I sitt siste store meisterskap, EM 2002, enda ho som nummer 5 på 100 m før ho vart sølvvinnar i den korte stafetten.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

endre
  • EM 1994 i Helsinki: Bronse på 100 m – 11,28. Gull i 4 x 100 m stafett
  • VM 1995 i Göteborg: Nr 4 på 200 m – 22,60. Nr 6 på 100 m – 11,10. Bronse i stafett
  • OL 1996 i Atlanta: Utslått i semifinalane på 100 m (11,14=nr 10) og på 200 m (22,81=nr 12)
  • VM 1997 i Aten: Nr 6 på 100 m – 11,19. Utslått i kvartfinalane på 200 m (23,22). Nr 4 i stafett
  • EM 1998 i Budapest: Bronse på 200 m – 22,78. Nr 5 på 100 m – 11,07. Sølv i stafett
  • VM 2001 i Edmonton: Gull i 4 x 100 m stafett. Utslått i kvartfinalane på 100 m (11,60)
  • EM 2002 i München: Sølv i 4 x 100 m stafett. Nr 5 på 100 m – 11,37

Kjelder

endre