Melchior Schjelderup Olsson Fuhr (179011. august 1869) var ein norsk sjømann, gardbrukar og stortingsmann frå Luster i Sogn.

Melchior Fuhr
Fødd 1790
Død

11. august 1869

Yrke politikar

Fuhr var son til ein gardbrukar i Luster. Sjølv tok han styrmannseksamen i Christiania i 1813. Fram til 1816 var han sjømann, deretter var han tilsett i ei handelsverksemd på Lærdalsøyri. Sidan kjøpte han garden Ottum i Luster og dreiv denne til han tok ut kår.

Fuhr var 4. representant på Stortinget 1836 og omframstortinget 1836-37 frå Nordre Bergenhus amt, medlem av tollkomiteen. Fuhr vart på ny stortingsmann i 1842, då medlem av Lagtinget og kriminallovkomiteen. 1838-41 var Fuhr den fyrste ordføraren i Luster. Han var medlem av forlikskommisjonen 1835-42.

Melchior Fuhr døydde på Ottum-garden i Luster i 1869.

KjelderEndra