Lærdalsøyri
Lærdalsøyri er einaste tettstad og administrasjonssenter i Lærdal kommune i Vestland, og huser drygt halvparten av kommunens innbyggjarar. Den største arbeidsplassen er Lærdal sjukehus, lokalsjukehus for Indre Sogn, med om lag 150 tilsette. Elles er fleire mellomstore byggentreprenørar lokalisert til Lærdalsøyri, og dessutan noko treindustri.
Lærdalsøyri | |||
stad | |||
Gamle Lærdalsøyri
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Lærdal | ||
Areal | 1 km² | ||
Folketal | 1 154 (2023) | ||
Folketettleik | 1 154 / km² | ||
Postnummer | 6887 LÆRDAL | ||
Innbyggjarnamn | Lærdøl | ||
Preposisjon | på Lærdalsøyri | ||
Ferdselsårer | E16 | ||
Lærdalsøyri 61°05′52″N 7°28′53″E / 61.097777777778°N 7.4813888888889°E | |||
Wikimedia Commons: Lærdalsøyri |
Sentralt på Lærdalsøyri ligg Gamle Lærdalsøyri, eit prislønt og verna trehusmiljø frå 17- og 1800-talet med 161 bygningar i blant anna sveitserstil, som minner om tida då Lærdal var ein sentral administrasjons- og handelsstad. Kvar sommar arrangerast Lærdalsmarknaden her, ein historisk vestlandsk handelsmarknad som har blitt halden sidan 1500-talet.
Historie
endreLærdalsøyri er ein gammal strandstad som under 1800-talet var den folkerikaste tettstaden i Sogn. Etter hundreårsskiftet blei den utkonkurrert av Sogndalsfjøra som sentralstad i Sogn.
I 1838 blei det foreslått å gje Lærdalsøyri status som by (ladestad). I 1841 hadde byteiknarane planane klare for ein kvadratur som gjekk frå Lærdalsfjorden til omtrent der Hauge kyrkje står i dag. I 1842 vedtok Regjeringa å gje Lærdal bystatus, saman med Haugesund og Namsos, men alle tre stadene blei avvist alt i Odelstinget.
Folketalsutvikling
endreFolketalsutvikling på Lærdalsøyri | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innbyggjarar | |||
1865 | 762 | |||
1875 | 625 | |||
1890 | 610 | |||
1900 | 578 | |||
1910 | 417 | |||
1920 | 423 | |||
1930 | 445 | |||
1946 | 714 | |||
1950 | 754 | |||
1960 | 694 | |||
1970 | 666 | |||
1980 | 1 000 | |||
1990 | 970 | |||
2000 | 1 060 | |||
2009 | 1 153 | |||
2012 | 1 147 | |||
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar |
-
Naustrekka ved Lærdalsfjorden.
Foto: C. Hill, 2012
-
Øyragata.
Foto: Frode Inge Helland
-
Øyragata.
Foto: Frode Inge Helland
-
Sanden Pensjonat på Gamle Lærdalsøyri.
Foto: Frode Inge Helland
-
Den gamle banken, seinare kulturbank, er no turistinformasjon.
Foto: Frode Inge Helland
-
Hauge kyrkje ligg på Lærdalsøyri.
Foto: C. Hill, 2012
Kjelder
endreBakgrunnsstoff
endre- Lærdalsøyri NRK fylkesleksikon for Sogn og Fjordane