Meldestokk
Meldestokk (Chenopodium album) er ei eittårig plante i amarantfamilien. Planta er helst rekna som ugras i Noreg, men er også brukt som matplante og til fôr.
Meldestokk | |
Meldestokk | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Nellikordenen Caryophyllales |
Familie: | Amarantfamilien Amaranthaceae |
Underfamilie: | Meldefamilien Chenopodioideae |
Stamme: | Atripliceae |
Slekt: | Melde Chenopodium |
Art: | Meldestokk C. album |
Vitskapleg namn | |
Chenopodium album |
Skildring
endreMeldestokk er grågrøn på farge og blir 30–100 cm høg. Greinene er tett dekte av små hår, og han har små, lite merkbare blomar.
Planta liker sterkt gjødsla jord, og veks ofte i opne åkrar, særleg der det blir dyrka grønsaker og rotvekstar. Kvar plante produserer i gjennomsnitt 3000 frø.
Utbreiing
endreMeldestokk er vanleg i heile Noreg. I låglandet er han det vanlegaste sommareittårige ugraset både i hagar og landbruk.
Om planta er rekna som ugras, kan ein nokså lett fjerna henne gjennom radreinsing, hakking, luking eller plantedrepande middel.
Bruk
endreMeldestokk er brukt som mat av menneske og dyr. Fleire fuglar kan eta frøa hans. Truleg brukte også menneske i norrøn tid planta, ettersom det er funne frø frå henne under utgravinga av Osebergskipet.
I indisk matlaging blir blada og skota frå planta brukte i rettar som supper, karriar og fylte brød som særleg er vanlege i Panjab. Frøa blir brukte i grautaktige rettar som phambra og laafi i Himachal Pradesh og i svakt alkoholhaldige drikkar som soora og ghanti.
Den tradisjonelle bruken i Europa er fôr til dyr, noko ein kan sjå på ulike namn på planta som pigweed og fat-hen.
Kjelder
endre- Meldestokk ved steinkjer-kommune.net
«meldestokk» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Chenopodium album» frå Wikipedia på engelsk, den 6. august 2011.