Melissa av The Allman Brothers Band
Melissa Singel av The Allman Brothers Band frå albumet Eat a Peach | ||
A-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | August 1972 | |
Innspelt | 9. desember 1971 at Criteria Studios, Miami, Florida | |
Sjanger | ||
Lengd | 3:56 | |
Selskap | Capricorn Records | |
Låtskrivar(ar) | Gregg Allman | |
Produsent | Tom Dowd | |
The Allman Brothers Band-kronologi | ||
«Ain't Wastin' Time No More» (1972) |
Melissa | «One Way Out» (1972)
|
«Melissa» er ein song av det amerikanske rockebandet The Allman Brothers Band, gjeve ut i august 1972 som den andre singelen frå det tredje studioalbumet deira, Eat a Peach. Songen vart skriven av vokalisten Gregg Allman lenge før gruppa vart skipa. Han vart først skriven i 1967 og to demoversjonar frå det året finst, inkludert ein versjon spelt inn av The 31st of February, eit band med Butch Trucks, som seinare spelte trommer i The Allman Brothers. Allman selde forlagsrettane til songen året etter, men manageren Phil Walden fekk henta dei attende i 1972.
Tittelen på songen vert ofte feilaktig skrive som «Sweet Melissa» sidan dette vert sungen i refrenget.[1]
Versjonen på Eat a Peach vart spelt inn som ei hyllest til Duane Allman, som rekna songen som ein av broren sine beste og som var ein personleg favoritt. Han omkom i ei motorsykkelulukke tre månader før denne versjonen vart spelt inn.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Melissa (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Hittin' The Web with the Allman Brothers Band». Allmanbrothersband.com. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 9. september 2018.