Howard Duane Allman (20. november 194629. oktober 1971) var ein USA-amerikansk gitarist, studiomusikar og opphavleg medlem og leiar av The Allman Brothers Band fram til han omkom i ei motorsykkelulukke i 1971, 24 år gammal.

Duane Allman

På Fillmore East den 26. juni 1971
Fødd20. november 1946(1946-11-20)
FødestadNashville i USA
Død29. oktober 1971 (24 år)
DødsstadMacon i Georgia i USA
FødenamnHoward Duane Allman
AliasSkydog
OpphavUSA
Aktiv1961–1971
Sjanger
InstrumentGitar, slidegitar, dobro, vokal
Tilknytte artistarThe Hour Glass, Wilson Pickett, Johnny Jenkins, The Allman Brothers Band, Derek and the Dominos, Aretha Franklin, Herbie Mann, Gregg Allman, The Allman Joys, Boz Scaggs, Delaney & Bonnie, Eric Clapton
PlateselskapMercury, Capricorn
Verka somMusikar
BornGaladrielle Allman

The Allman Brothers Band vart skipa i Jacksonville i Florida i 1969.[1][2][3][4] Bandet hadde stor suksess tidleg i 1970-åra. Allman er best hugsa for den korte, men innverknadsrike perioden i bandet og særleg for måten han spelte slidegitar på og den nyskapande improvisasjonen hans.[5] I 2003 vart han rangert på andreplassen på lista til Rolling Stone over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene, berre bak Jimi Hendrix. I 2011 vart han rangert på niandeplassen på ei liknande liste.[6] Gitartonen hans (skapt med ein Gibson Les Paul og to 50-watts bassforsterkarar frå Marshall) vart kåra til ein av dei beste gjennom tidene av Guitar Player.[7]

Allman var ein mykje etterspurt studiomusikar før og under tida hans i bandet, og han spelte med etablerte stjerner som King Curtis, Aretha Franklin, Wilson Pickett, g Herbie Mann. Han medverka òg stort til albumet Layla and Other Assorted Love Songs av Derek and the Dominos i 1970.

Dugleiken til Duane Allman på gitar vart utfylt av personlege kvalitetar som intensiteten, drivkrafta og evna til å få det beste ut av andre når dei laga musikk.[8] Allman hadde kallenamnet «Skydog».[9]

Discography

endre
The Allman Brothers Band
Derek & the Dominos

Kjelder

endre
  1. Randy Poe (1. august 2008). Skydog: The Duane Allman Story. Backbeat Books. s. 225. ISBN 978-1-61713-487-6. 
  2. Stephen Taylor and Matthew Jennings (2013). Macon. Arcadia Publishing. s. 123. ISBN 978-1-4671-1115-7. 
  3. Mitchell K. Hall (9. mai 2014). The Emergence of Rock and Roll: Music and the Rise of American Youth Culture. Routledge. s. 157. ISBN 978-1-135-05358-1. 
  4. David Luhrssen; Michael Larson (24. februar 2017). Encyclopedia of Classic Rock. ABC-CLIO. s. 3. ISBN 978-1-4408-3514-8. 
  5. Ventre, Michael (30. oktober 2006). «In memory of Duane Allman 35 years after his death, Skydog still among rock's very best gitarists». MSNBC. 2009 msnbc.com. Henta 2. september 2009. 
  6. Rolling Stone (2006). «Rolling Stone: The 100 Greatest Guitarists of All Time». RealNetworks, Inc. Arkivert frå originalen 25. november 2006. Henta 8. september 2018. 
  7. Blackett, Matt (October 2004). «The 50 Greatest Tones of All Time». Guitar Player 38 (10): 44–66.  |access-date= requires |url= (hjelp)
  8. Jas Obrecht, «Duane Allman remembered», Guitar Player, 1981. oktober Vol. 15, no 10.
  9. This may be a reference to his signature guitar sound and tone. Many consider «Skydog» a variant of the nickname «Skyman» given to him by Wilson Pickett during the recording of Pickett's cover of the Beatles' «Hey Jude.» Jim Dickinson was quoted in Keith Richards' autobiography Life as saying he was given the name because he was high much of the time.

Bakgrunnsstoff

endre