Morgoth

(Omdirigert frå Melkor)

Morgoth er den vonde herskaren i Mordor i J.R.R. Tolkiens legendarium. Han hadde først namnet Melkor (Alvisk: han som stig opp i velde), og var ein av ainuane, som er ein slags gudar.

Melkor var den av ainuane med dei største gåvene, fortel Valaquenta. Melkor byrja som ei rastlaus og søkande ånd, som ville skape nytt av eigne tankar, fortel legendariet. Han var esla store gåver og stor innsikt, men vart høgferdig.

Men av di Eru var den einaste med sann skaparkraft, vart han misunneleg og ville rå for verda åleine. Då dette vart neitta han, gjekk han over i hat og svik for å få det som han ville, og sette seg opp mot dei andre maktene. Han svarar i mange høve til djevelen i den kristne mytologien. Namnet Morgoth fekk han etter at han stal silmarillane og drap Dei to trea i Valinor. Morgoth fekk stor makt i Midgard, men mot slutten av første heimsæva vart han likevel overvunnen og kasta ut av verda. Den fremste av tenarane hans var Sauron. Sauron tok over herredømet over det vonde etter Morgoth sitt fall.

Det meste som finst om Morgoth er å finne i Silmarillion, og mellom ugjerningane hans kan ein ramse opp desse:

  • Han avla orkane (på grunnlag av alvar han fanga inn før dei skjøna skilnaden på godt og vondt).
  • Han stal silmarillane og sytte for at heile noldo-folket reiste frå Valinor for å kjempe mot han, noko som førte til undergang for dei.
  • Han avla drakane.
  • Han sytte for mistru mellom alvar og menneske.
  • Han var og ansvarleg for avlinga av troll, Balrogar og andre meinvette.
  • Han var ansvarleg for mistru til, og redsle for, mørker og daude (og slik sett og ansvarleg for syndefallet).
  • Han har og mykje av skulda for det Tolkien kalla "Vansirde Arda".