Mellersta Österbotten
Mellersta Österbotten (finsk Keski-Pohjanmaan maakunta) er eit landskap i Finland. Det grensar til Österbotten, Norra Österbotten, Mellersta Finland og Södra Österbotten. Keski-Pohjanmaa er delt i to område, Karleby økonomiske region og Kaustby økonomiske region.
Mellersta Österbotten | |||
Keski-Pohjanmaan maakunta | |||
landskap | |||
|
|||
Land | Finland | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Kokkola | ||
Areal | 5 219,58 km² | ||
Folketal | 67 976 (januar 2021)[1] | ||
Keski-Pohjanmaa 63°30′N 24°15′E / 63.5°N 24.25°E | |||
Wikimedia Commons: Central Ostrobothnia |
Kommunar
endreDet er 12 kommunar i Mellersta Österbotten. Byane er sette med halvfeite typar.
Næringsliv
endreI Mellersta Österbotten har tjærebrenning, handel og skipsbygging tradisjonelt vore dei viktigaste næringsvegane, og på 1800-talet var området eit av dei rikaste i Finland. I dag er Mellersta Österbotten eit av dei viktigaste sentera for høgteknologibedriftar. Jordbruket har satsa på miljøvenlege metodar. Landskapet er rikt på spesialiserte småbruk, med relativt effektivisert drift.
Mellersta Österbotten er blant dei største områda for økologisk jordbruk i Finland. Området har eit par hundre økobruk, de fleste driv med korn eller ber. Økologisk husdyrhald førekjem omtrent ikkje.
Historie
endreDet var busetnad i området allereie i kamkeramisk tid, for ca. 5000 år sidan. Frå den tida er det merke etter landsbyaktige busetnader langs dåtidas elveosar, og i nærleiken av kysten. I og med at landet har heva seg etter istida, ligg desse buplassane langt frå den moderne kystlina, dei eldste over 100 moh.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Keski-Pohjanmaan maakunta» frå Wikipedia på finsk, den 21. mars 2008.