Mellomaksel er ein aksling som overfører effekten frå girkassen til drivakselen på motorkøyretøy. Etter som drivakselen ofte er avfjøra har mellomakselen kardanledd i begge endar.

Mellomakselen på ein lastebil.

Bruk av mellomakslingar endre

Lastebilar til dømes er bakhjulsdrive og har ein lang mellomaksel frå girkassen til bakakselen. Lastebilar med firehjulsdrift har to mellomakslar, ein frå girkassen til bakakselen og ein frå girkassen til framakselen. På bilar med tandemdrift er det i tillegg ein stutt mellomaksel mellom dei to boggiakslane.

Personbilar med bakhjulsdrift eller firehjulsdrift har òg mellomaksel, men dei fleste moderne personbilar har framhjulsdrift og treng ikkje mellomaksel.

Anleggsmaskinar og skogsmaskinar har ofte fire- eller sekshjulsdrift. Mange av desse har fleire mellomakslar, med det er òg mage som har hydrostatisk drift og difor ikkje har mellomakslingar.