Melshornet i Ørsta og Volda

Melshornet er eit fjell (807 moh) i Ørsta og Volda kommunar på Sunnmøre. Fjellet dominerer utsikta rett sør for Ørsta sentrum, og grensa mot Volda går over toppen av fjellet. Melshornet er eit svært populært turmål sommar og vinter, då det er lett tilgjengeleg frå fleire kantar, både frå Ørsta og Volda. Flest er det kanskje som går bomvegen frå rett oppom Volda sentrum opp til Dinglavatnet (536 moh), og tydeleg sti derifrå til toppen. Mange går også frå byggefeltet Rystefeltet sør for Ørsta sentrum, og bomveg og sti opp Osdalen til Dinglavatnet, eller sti opp på Okla og vidare derifrå. Ein kan også gå opp på Melshornet frå Krøvelseidet, eller om vinteren frå toppen av skitrekket til Volda skisenter.

Melshornet, sett frå Vallahornet i Ørsta august 2010. Ørsta sentrum i framgrunnen.

Fjellet har namnet etter garden Mele som ligg nedanfor fjellet på Ørsta-sida.

Rundskue endre

Rundskue frå Melshornet Arkivert 2011-08-06 ved Wayback Machine. ved Leif Roar Strand, vitja 23. november 2010