Melton Mowbray (ofte berre kalla Melton) er administrasjonsbyen i distriktet Melton i Leicestershire i England. Han ligg ved elva Eye, som etter Melton er kalla Wreake. I 2019 hadde byen eit folketal på 27 670.[1]

Melton Mowbray
by
Land  England
Region Leicestershire
Distrikt Melton
Postnummer LE13
Retningsnummer 0 1664
Kart
Melton Mowbray
52°45′58″N 0°53′10″W / 52.7661°N 0.886°W / 52.7661; -0.886
Wikimedia Commons: Melton Mowbray

Byen er best kjend for sine særeigne paiar med svinekjøt, Melton Mowbray pork pie, og er ein av stadane det blir laga stiltonost på lisens.[2] Han er òg kjend for meltonstoff, som først er nemnd i 1823. Det er eit tettvove ullstoff som er valka slik at det vert mjukt, og vert ofte nytta til ytterjakkar. Stoffet liknar mjuk vadmål.

Namn endre

Namnet kjem frå det gammalengelske Medeltone, med tydinga 'midtby omgjeven av små bygder' (som Milton og Middleton). Mowbray er eit normannarnamn på ein tidleg føydalherre her, Robert de Mowbray.[3]

Historie endre

Ein kjend episode frå historia til byen har gjeve opphav til eit uttrykk; I 1837, då eit jaktlag leia av markien av Waterford feira jaktlukka, måla den kraftig rusa markien bokstaveleg talt fleire bygningar i Melton Mowbray raude. Dermed vart «å måle byen raud» eit uttrykk for å feste skikkeleg.

St. Mary's Church frå 1200-talet er den største soknekyrkja i Leicestershire. Ho har eit flott orgel, og det vert halde orgelkonsertar to gonger kvar månad. Av tidlegare organistar i kyrkja finn ein sir Malcolm Sargent.

Bymuseet, Melton Carnegie Museum, har blant anna fleire måleri med jakt- og sportsmotiv, og ein tohovuda kalv.

Melton Country Park er eit stort turterreng med ein innsjø, nær sentrum. I tillegg til piknikstader, naturstiar og leikeområde for barn finst det eit vitjingssenter der det er utstilt arkeologiske funn frå området.

Kjelder endre

  1. «City Population.». Citypopulation.de. Henta 26. januar 2021. 
  2. Ltd, Iconography. «Stilton Cheese – The Stilton Producers». Stiltoncheese.co.uk. Arkivert frå originalen 17. decsmber 2016. Henta 25. mai 2016. 
  3. «Plea Rolls of the Court of Common Pleas; National Archives; CP 40/555». Aalt.law.uh.edu. 1399. Henta 26. juni 2022. «sixth entry, the defendant is a shoemaker in 'Melton Moubray'» 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Melton Mowbray