Menasseh Ben Israel (1604-1657) var ein sefardisk rabbinar, forskar, skribent, diplomat, boktrykkjar og utgjevar; grunnleggjar av det første hebraiske boktrykkjeriet i Amsterdam i 1626.

Menasseh Ben Israel
Menasseh ben Israel 1642.jpg
Fødd 1604
Madeira
Død

20. november 1657
Middelburg

Yrke filosof, forleggjar, skribent, rabbinar
Menasseh Ben Israel på Commons

BiografiEndra

Manoel Dias Soeyro, som var namnet han voks opp med, vart fødd på Madeira i 1604, året etter at foreldra hans flykta frå Portugal på grunn av Inkvisisjonen. Familien flytte til Nederland i 1610. Nederland var på denne tida midt i åttiårskrigen (15681648) — ein krig som i stor grad dreidde seg om religiøst opprør. Familien kom dit under våpenkvila som Frankrike og England hadde mekla fram i Haag.

Menasseh Ben Israel var ein ven av Rembrandt.

Menasseh er særleg kjend for petisjonsbrevet sitt åt Oliver Cromwell og Det britiske parlamentet for å gjera om dei tidlegare engelske herskarane sine vedtak og lata jødane flytte attende til England. Petisjonen førte fram, og det voks gradvis fram ein jødisk busetnad i Storbritannia frå da av.

Menasseh ben Israel døydde i Middelburg i Nederland hausten 1657, kort etter heimkomsten frå England.

Sjå ògEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Menasseh Ben Israel
  Denne jødedomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.