Mensen Ernst, eigentleg Mons Monsen Øyri (17951843) var ei norsk løyparlegende frå Fresvik i Sogn. I 1832 sprang han frå Paris til Moskva, i følgje soga på 14 dagar. I 1836 skal han ha tilbakelagt KonstantinopelCalcutta—Konstantinopel på 59 dagar.

Mensen Ernst

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1795
Sognefjorden
Død

22. januar 1843 (47 år)

Yrke langdistanseløpar
Språk norsk

Oppvekst endre

 
Minnestein over Mensen Ernst.

Mensen Ernst blei fødd og oppvaksen i Fresvik i Sogn. I 1795 kom han til verda, og var yngstemann i ein søskenflokk på 6. Familien sat i tronge kår, og det blei ikkje lettare av at faren til Mons døyde berre månadar etter at Mons var fødd. Det finnes lite informasjon kring barndomsåra til Mons, men me veit at han blei konfirmert den 5. august i 1810 i den eldgamle Rinde stavkyrkje. Vidare gjekk han i lære hjå broren som smed i Bergen, allereie som 14-15 åring.


Sjømannen Monsen endre

Etter ei kort tid i smedlæra starta Mons Monsen sin yrkeskarrieren som sjøgut og styrmann. Her skal han ha vore sjømann på fleire skip som frakta han verda rundt. Blant anna segla han til Middelhavet kor han besøkte land som Egypt, Hellas, Tyrkia og Malta. Sidan kom han til fleire verdsdelar, og segla blant anna rundt Kapp det gode håp og Madagaskar, og vidare til India, Australia og Kina. På ein ferd i Sør Afrika og Kapp-provinsen har me dei første kjeldene på Mons sitt løpartalent. Han forbløffa sitt skipsmannskap ved å vera med på eit lokalt kappløp kor han enda opp med overlegen siger. Mons Monsen fann såleis ut at han var lei av skipslivet, no ville han kryssa byar og land, hovudstadar, skogar, vidder og fjell ved hjelp av sine eigne bein. Då Mons var blitt 23 år gammal, i år 1818 la til kai i London, mønstra av og forlét tilværet som skipsmann. I 1832 sprang han frå Paris til Moskva, i følgje soga på 15 dagar. I 1836 skal han ha tilbakelagt KonstantinopelCalcutta—Konstantinopel på 59 dagar.

Livet som løpar endre

I London starta han sitt nye liv, og Mons mora seg med veddemål mot spelelystne engelskmenn. Sport og veddemål var populært i England, og her var det mykje peng å hente. Hans første verkeleg store løp gjekk frå London til Portsmouth som eit resultat av eit veddemål. Distansen var på 116km, og Mons sprang strekninga på 9timar. Løpet vakte oppsikt, og dette var startskotet på ei rekkje store løpsprestasjonar. Blant anna sprang han frå London til Liverpool på 32timar, ein distanse på over 240km. Desse bragdene var med på å auke hans omdømme og popularitet, og potensialet for å gjera springinga om til eit levebrød. Springinga, konkurransane og populariteten gleda han, og auka lysta til å prøva lykka andre plassar på kontinentet. Våren 1820 forlét Mons London, og sette kursen mot Tyskland.

Her blei det fleire løp, og Mons reiste også til Frankrike for å vise fram sitt løpartalent. Som eit resultat lærte han seg både tysk og fransk, slik som han tidlegare hadde lært engelsk. Han var likevel vant med at livet gjekk opp og ned, og levde derfor yttarst sparsamt både på reiser og ellers. Slik kunne han gong på gong klare seg i naud. Han meinte sjølv at litt frukt, litt brød og litt vin var alt han trengte. Var været greit, sov han utandørs, medan ein hard benk på eit enkelt gjestegivarsted gjorde nytta når regnet pøsa ned. Reisa gjekk vidare til Roma og Napoli, kor han tjente peng på ulike veddemål. Men noko overflod blei det aldri, og han trengte kvar lire han fekk på sine løpsoppvisningar. I 1825 sette han kursen mot Tyskland igjen, då han følte det var der pengane sat lausast hjå tilskodarane. I 1826 sette han kursen mot Danmark. Rykte om løpartalentet hadde spreia seg, og kongen i Danmark ønskja å sjå fresvikjen sine prestasjonar med sine eigne auger.

I Danmark blei det oppvisningsløp rundt Slottsplassen, i dei kongelege sitt nærvær. Belønninga var på 100dalar. Det var ein såpass stor sum at han for første gong kunne sette noko av pengane inn i banken. Etter eit økonomisk veldig godt opphald i Danmark for turen til Spania, men her blei han møtt av trongare tider. Spanjolane var lite villege til å betale ein "nordisk kjættar" som ikkje ein gong kunne språket deira. Eit løp i Madrid framfor tusenvis av tilskodarar innbrakte han berre ein ussel liten sum. Mons la på sprang til Portugal, men her var det endå verre. Her blei han nekta å springe oppvisningsløp då myndigheitene frykta revolt som eit resultat av at kongen nyleg hadde dødd.. Mons var blitt lutfattig, og det var med naud å neppe han klarte å komme seg til Frankrike. I Frankrike derimot var Mons godt kjend, og økonomisk gjekk det mot langt betre tider. Løparen var likevel ein rastlaus sjel, og reiste derfor over til London for å treffe gamle kjende, men idyllen varte ikkje lenge.

Her blei han nemleg pålagt eit oppdrag i å overlevera eit hemmeleg brev frå den britiske admiral Codrington til ein Diplomat i Alexandria i Egypt. Det var krig, og Egypt tilhøyrte fienden. Ei avsløring ville bety døden, men Mons lykkast, og kom fram med brevet den 18. november 1827. Deretter sprang Mons frå Alexandria, gjennom tørre ørkenar til Kairo, over slettene med ruinene frå den gamle byen Memfis og faraoenes kjempepyramidar. Den 24 desember nådde han Jerusalem. Deretter passerte han mellom kysten og Libanonfjella, før han nådde Damaskus. Mons sleit med å skaffe seg mat, men i Böhmen møtte han ein doktor som hadde sett han springe eit oppvisningsløp i Praha! Og saman arrangerte dei eit løp som gav han nok peng til å halde fram ferda. Den gjekk til Konstantinopel, vidare til Donauu og Valakia og til slutt Tyskland. Hausten 1828 kom han endeleg tilbake til kjende trakter i Tyskland etter nesten eitt år på vandring. Nokre månadar med kvile blei så etterfølgde av nye løp i London og Paris. Mons var dei neste to åra svært aktiv, og besøkte mange land, som Tyskland, Danmark Sveits og Italia. Men no var det snart på tide med nokon skikkeleg oppvisningar. Løpsoppvisningar som skulle gjera han verkeleg kjend i store delar av verda. Dei neste åra venta nemleg 4 nesten utenkelege løpsoppvisningar.

Dei store bragdene endre

Paris-Moskva endre

I 1832 hadde Mons planar om eit dramatisk løp han hadde tenkt på lenge. Løparkongen ville springe frå Paris til Moskva på 15 dagar, ei strekning på heile 2500 km. Veddemåla om Mons ville kunne klare dette let ikkje vente på seg, og det blei oppretta eit veddemål på 100 000 france mellom ulike partar. Mons sjølv skulle få 4000 france dersom han greidde bragda. Medan Mons studerte kart og planla ruta, skreiv avisene om løpet, og folk strøyma til for å sjå kva slag gal mann som skulle gi seg ut på ein slik ein prøve. "Heile" Paris stod på hovudet den 11juni 1832 då Mons la ut på sprang. Jublande og elleville tilskodarar heia Mons ut frå gatene i Paris. Ferda gjekk gjennom Tyskland, Polen, Tsjekkia, Ukrainia og inn i Russland. 25juni, 14dagar etter avreise nådde Mons fram til Moskva. Motakinga var storslått, og Moskva blei fylt med festivas og talrike samankomstar. Mons hadde sprunge i 14 dagar, og i snitt tilbakelagt ein distanse på 178 km i døgnet. Løpet er såpass godt dokumentert at det ikkje finst grunn til å tvile på prestasjonen.

Mûnchen-Nauplia endre

I lange tider hadde Mons Øyri planlagt eit nytt storløp. Han ville springe frå München til Nauplia, ein distanse på 2700km Planen var å bringe eit brev frå Kong Ludvig i München til sonen Otto i Nauplia. Og dette skulle gjerast på ein månad. Sjølv om tidsfristen var dobbelt så lang som etappen frå Paris til Moskva, var München-Nauplia ein mykje større utfordring. Terrenget var inneheldt høge fjell, store elvar og tette skogar, som alle var svært krevjande å krysse. Mons fekk likevel løyve til å gjennomføra løpet sitt. Det einaste problemet var at han først måtte motta eigne brev og papir frå Nauplia, slik at han på ingen måte kunne jukse med løpet sitt. Dermed måtte Mons ta til å vente. Veker og månadar gjekk, og folk som hadde høyrt om løpet starta å bli utolmodige. Dei trudde ikkje lenger på at fresvikjen ville tora å gjennomføra løpet. Men endeleg, den 4.juni 1833 kom brevet fram, etter månadar med venting. Då var det ingen tid å miste. Allereie to dagar etter, den 6.juni reiste Mons til slottet kor starten skulle gå klokka 12.00. Og der stod det enorme mengde med tilskodarar, sjølv annslo Mons at det måtte vera minst 20 000 til stades. Jubelen var enorm i det fresvikjen la ut på sprang, med brev, kart og kompass.

Vegen gjekk over til Salzburg og vidare til Radstadt. Klokka 2 om natta den 10. juni nådde han Ljubljana. Deretter sprang han innom hamnebyen Fiume i Austerike, før han sprang langs kysten mot Adriaterhavet og inn i landet gjennom fjella forbi Kospidza og Serma til Spalatro. Deretter følgde han kysten mot Albania, og nådde den albanske grensa den 19juni. Vidare gjennom Montenegro, til Cattaro, Budua og Castra i Dalmatia. Det var mykje dramatikk under reisa, og Mons møtte på blant anna røvarbandar og fulle bønder. Han blei også arrestert berre nokre hundre meter frå den greske grensa. Etter nokre forsinkelsar la han på sprang gjennom Arta, Argo, Castro og Missolonghi. Den 30.juni ankom han Korint, og sluttspurta dei siste 30 kilometrane til Nauplia. Her blei han møtt med forbløffing, då dei ikkje hadde venta han før om ei vekes tid. Reisa hadde berre teke 24døgn og, 42minutt og 30sekund. I snitt 112,5km for dagen. Mons mottok 1000 gylden i løn, og blei hylla for sin prestasjon. Med tanke på det ville landskapet med fjell, strie elvar og tette skogar, blei dette løpet betrakta som ein endå større prestasjon enn etappen frå Paris til Moskva. For å komme seg tilbake til München nytta Mons seg av skip heile vegen til Trieste, og deretter til fots den siste delen av turen. Heimreisa starta den 15. juli, og han var ikkje tilbake før 2november. Han brukte altså 3,5mnd på tilbakevegen ved hjelp av skip mesteparten av vegen. Det seiast at Mons var så rastlaus ombord at han aldri ville nytte skip igjen. Også dette løpet er svært godt dokumentert.

Istanbul-Calcutta t/r endre

Dette løpet tok utgangspunkt i eit oppdrag kor Mensen Ernst skulle springe med brev frå Istanbull i Tyrkia til Calcutta i India og tilbake. For jobben skulle han få 150pund, og han måtte vera framme i Calcutta seinast etter 6veker. Distansen kvar veg var på ca 4150km, og Mensen Ernst skal ha brukt ca 4 veker kvar veg, og var tilbake i Istanbull igjen etter totalt 62 dagar, noko som gir eit snitt på svimlande 138 km per dag i 62 dagar. Dette er absolutt den største løpeprestasjonen til Mensen Ernst, men samtidig manglar me dokumentasjon på at Mensen Ernst faktisk var i Calcutta, og denne etappen blir derfor betrakta som den prestasjonen som er mest usikker.

Mot Nilen sine kjelder endre

På midten av 1800-talet hadde ein nesten ingen kunnskapar kring Nilen sine kjelder. Dette blei ei av tidas store utfordringar for oppdagelsesreisande. Aust-Afrika var framleis eit av dei store ukjende områda på verdskartet. Tropesjukdommar, uframkommelege sumpområder og fiendtlege lokale stammar gjorde det "umogleg" å komme fram. Så Mensen Ernst ville ta saka i eigne hender! På oppdrag frå fyrst von Pückler MuskauI la Mensen Ernst ut på sprang 11. mai 1842 for å finne Nilen si kjelde. Han starta frå Muskau i Tyskland, og kom fram til Jerusalem den 11. juni. Ein strekning på 4300 km tilbakelagt på ein månad. Deretter spring Ernst frå Jerusalem til Kairo, ein strekning på 500 km. Her blir Ernst i lenger tid for å førebu seg til ferda inn i det ukjende. Først på nyåret 1843 legg han i veg på siste etappe for å finne Nilen sine ukjende kjelder, i retning Nubia. Men Nordmannen som på heile sin ferd verda over alltid hadde unngått pest og sjukdom, rammast no sjølv, plutseleg og dødeleg. Hellet har med eitt forlate han då han blir smitta av dysenteri. Den 22. januar 1943, 47 år gammal segnar Mensen Ernst om ved Syene ved bredda av Nilen. Mensen Ernst døyr og blir funne av nokre turistar dagen etter. Han blir gravlagt på staden, og ein stein blir lagt over grava. I dag ligg denne grava under vassmassane som Aswan-demninga. Slik endte den spreke sogningen Mons Monsen Øyri sin fantastiske karriere som løparkonge, verdas største løpar gjennom tidene. ”En saadan Fodgjænger som Ernst, et saadan Menneske uden Ro eller Rast, vil nok ikke saa snart igjen framstaa”-stod det skrevet i Skilling-Magazin ti år etter hans død. Og me kan vel idag med rette tilføye: Ingen har enno gjort han rangen stridig.

Litteratur endre

  • Bredo Berntsen (1996). Løperkongen : nordmannen Mensen Ernsts eventyrlige liv. Oslo : Grøndahl. ISBN 82-504-0804-7
  • Rieck, Gustav (1838). Des Steuermannes Mensen Ernst aus Bergen in Norwegen Leben, See-, Land- und Schnell-Reisen in allen fünf Welttheilen. Breslau

Det finst og ein tysk roman om Ernst: Marc Buhl, Rashida oder Der Lauf zu den Quellen des Nils [Rashida eller Løypet til nilens kilder]. Frankfurt 2005 og som pocketbok München 2006.

Kjelder endre