Aswan (tidlegare Assouan) er ein by som ligg sør i Egypt, på austbreidda av Nilen og like ved Aswandammen. Han er hovudbyen i Aswan guvernement.

Aswan (ar. أسوان)
Flyfoto av Aswan. Foto: Jordan Busson, 2008
Flyfoto av Aswan.
Foto: Jordan Busson, 2008
Flyfoto av Aswan.
Foto: Jordan Busson, 2008
Styresmakter
Land Egypt
Guvernør Samir Youssef
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2008)

275 000
Koordinatar 24°05′N 32°56′E / 24.083°N 32.933°E / 24.083; 32.933
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)

Aswan ligg like nedanfor første katarakten i Nilen og ovanfor den historiske øya Elefantine (tidlegare Jabu, no Jazirat Aswan). Byen har eit varmt og tørt klima, og er rekna som den tørraste busette staden på jorda. Gjennomsnittleg årleg nedbør er 1 mm, men det kan gå år mellom kvar regnbyge.[1]

Historie endre

sE34
n
t
niwt
swn.t med
hieroglyfar

I det gamle Egypt hadde var staden kalla Souan, Swen eller Swenet og var ein sørleg grenseby. Seinare blei han kjend under namna Sunt og gresk Syene. Namnet tyder 'marknadsplass' på koptisk.[2] Bygudinna var Satis, den personleggjorde nilfløminga, og mor til personleggjeringa av Nilen Anuket, som også blei dyrka i området. I åsane sør for byen tok ein ut granitt til fleire store egyptiske monument. Steinsøyler, tempeldelar og ein uferdig obelisk på 42 meter er minne om faraotida, men også i våre dagar blir det henta ut granitt i steinbrota.[3]

Under ulike seinare styre i Egypt var Aswan ein garnisonsby for romarar, tyrkarar og britar. Ptolemearane brukte han som utgangspunkt for å gå inn i Nubia. Britane bygde den eldste Aswandemninga, som stod ferdig i 1902, 5 km sør for byen. Den andre demninga 11 km sør for Aswan, bygd i frie Egypt under Nasser, var ferdig i 1970.

Nyare tid endre

 
Utsyn over Aswan og Nilen med seglande felukkar.
Foto: Ian and Wendy Sewell

I dag er Aswan eit lokalt senter for administrasjon, handel og industri. Han tek imot handel frå Sudan og produserer granitt, marmor, kopar, stål, sukker og gjødsel. Mange av industriane bruker elektrisiteten laga av vasskraft frå Aswandemningane. Aswan har fleire fakultet frå South Valley University (Universitetet i Sørdalen) med mellom anna eit institutt for energi.

Aswan er endestasjonen på jernbanelinja frå Kairo. Han har ferjesamband med Wadi Halfa i Sudan, og båtsamband til andre byar langs Nilen, som Luxor, Hurghada, Alexandria og Kairo. Aswan lufthamn har flyavgangar til andre delar av Egypt og Europa.

Byen er også ein vinterferiestad, og har mange hotell. Turistar og andre kan vitja det nubiske museet og Aswan-museet og det gamle nilometeret på Elefantine. Ein finn også mausoleet til den religiøse og politiske leiaren Aga Khan her.

Bilete endre

Kjelder endre

  1. «So Why Does It Rain?» ved infoplease
  2. «Aswan», Concise Dictionary of World Place-Names. John Everett-Heath. Oxford University Press 2005. Oxford Reference Online.
  3. Swenet[daud lenkje] i The Free dictionary.