Deklinasjonssirkel
(Omdirigert frå Meridian i astronomi)
Deklinasjonssirkel, timesirkel eller astronomisk meridian er ein storsirkel som går gjennom polane på himmelkula, gjennom senit og nadir til ein spesifikk stad. Han går derfor òg gjennom nord- og sørpunkta til horisonten, og er vinkelrett på himmelekvator og himmelhorisonten.
Ein deklinasjonsparallell er ein sirkel på himmelkula som er parallell med himmelekvator.
Kjelder
endre- «Deklinasjonssirkel», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 21. mars 2015
- «Deklinasjonsparallell», Store norske leksikon, 2011, 14. oktober, henta 21. mars 2015