Meseret Defar Tola (fødd 19. november 1983) er ein etiopisk langdistanseløpar som spesialiserer seg på 3000 og 5000 meter for kvinner. Ho hadde verdsrekorden på 5000 meter frå 2006 til 2008, då han blei slått av landsmannen Tirunesh Dibaba.

Meseret Defar

Meseret Defar i Doha, 2010
Foto: Erik van Leeuwen
Statsborgarskap Etiopia
Fødd 19. november 1983 (40 år)
Addis Abeba
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2004

Utmerkingar

Bislett-medaljen

Den fyrste OL-medaljen for Meseret Defar var ein gullmedalje på nettopp 5000 meter under sommar-OL 2004 i Athen. I sommar-OL 2008 i Beijing enda ho på tredjeplass på den same distansen, slått av gullvinnaren Tirunesh Dibaba og tyrkiske Elvan Abeylegesse. Under sommar-OL 2012 var Defar igjen i toppform og sprang seg til ein ny gullmedalje på 5000 meter.

Meseret Defar vart også verdsmeister på 5000 meter under VM i friidrett 2007 i Osaka og har ei lang rekkje andre medaljar frå internasjonale meisterskap.

Ho fekk Bislett-medaljen i 2007.[1]

Kjelder endre

  1. «Bislettmedaljen/The Bislett Medal» (PDF). Diamond League Oslo. Arkivert frå originalen (PDF) 29. januar 2017. Henta 29. januar 2017.