Metakognisjon
Metakognisjon er tenking om tenking, eller den kunnskapen ein person har om alle typar kognitiv aktivitet han utfører, og den kontrollen han har over denne. Metakognisjon har tre sider: Ei kunnskapsside, ei strategiside og ei personside.
- Kunnskap- eller oppgåvesida består både av kunnskap om og kontroll av den kunnskapen ein har i forhold til ei gitt oppgåve og kva krav sjølve oppgåva stiller.
- Strategisida omfattar dei strategiane og hjelpemidla som blir brukte i løysinga av ei bestemt oppgåve, og kva ein gjer når ein står fast, kva vurdering ein gjer av strategiane sine, og evna til å lære nye.
- Personsida omfattar all kunnskap og overbevising ein har om seg sjølv og andre som kognitive vesen, all kapasitet, alle begrensningar og alle særeigenheitar.
Metakognitive ferdigheiter ser ut til å spele ei viktig rolle i mange typar kognitive aktivitetar brukt i samband med problemløysing. Eksempel på slike kognitive aktivitetar er munnleg kommunikasjon, forståing av tale og skrift, skriving, læring av språk, persepsjon, styring av merksemd, hugs, logisk resonnement, sosial kognisjon og ulike former for sjølvinstruksjon og sjølvkontroll.
Metakognisjonen er tilsikta, planlagt, forsetteleg, målretta og framtidsorientert mental åtferd. Når ein er merksam på, overvaker og kontrollerer dei mentale prosessane sine, blir ein svært fleksibel og tilpassingsdyktig. God metakognisjon gjer ein flink til å lære, og metakognisjon samvarierer med høg intelligens.
Metakognisjon er i Noreg knytt til omgrepet læringsstrategiar.
Kjelder
endre- Flavell, J.H., Miller, P.H. & Miller, S. A. 2002. Cognitive development. (4th ed.) Englewood Cliffs, NJ: Prentice-Hall.
- Sternberg, R.J. 1986. Intelligence applied. NY: Harcourt Brace Jovanovich Publishers.