Metyl
alkyl avleidd frå metan
(Omdirigert frå Metylgruppe)
Metyl er ei einverdig funksjonell gruppe med kjemisk formel CH3. Ho finst i fleire organiske sambindingar, slike som metanol (CH3OH), aceton (CH3COCH3), eddiksyre (CH3COOH) og toluen (C6H5CH3).
Alle alkan har metylgrupper på endane av karbonkjedene. Metyl finst òg i fri tilstand som eit ustabilt radikal med eit upara elektron.
Kjelder
endre«metyl» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 6. april 2016.